Utveg av Erling A. Westgaard Flote
av Anne Wang-Andersen
—
sist endret
2024-11-14T12:41:49+01:00
Utveg
Samlaget,
2024,
Norge
9788234012112
barn
Johanne er 17 år, gardsjente og einebarn. Ho drøymer om å flytte for å studere psykologi, men alle forventar at ho skal ta over garden. Johanne føler på skyld, skam og frustrasjon over foreldra som legg dette ansvaret på ho, utan å spørje kva ho vil. Utveg er ei nedpå og ærleg forteljing om å bli vaksen - om å miste det naive blikket på foreldre, bryte ut av vennskap, om fasade, sorg, homofili på bygda, fest, fyll, flørting, og om å markere sine eigne grenser.
Utveg er ein lettlest, god og truverdig bygderoman som tar ungdomsopplevingar på alvor.