Lone skule vann skrivekonkurranse om håp for framtida

Foto: Ragnar Rørnes / Bergen Offentlige Bibliotek.
Mottok diplom under Klimafestivalen junior
Over 300 elevar og mange klassar frå heile Noreg deltok i skrivekonkurransen med tema håp for framtida. Juryen skryt av eit høgt nivå på tekstane, og kåra klasse 7A ved Lone skule til vinnar av skrivekonkurransen.
– Så utrolig kjekt! No blei me veldig glade, skriv lærar Robert Larsen i ein e-post til Framtidajunior.no.
Premien er 2000 kroner og eit klassesett av Framtida Junior til klassen. Torsdag 13. mars fikk elevane utdelt førstepremien under Barnas klimaspørjetime på Klimafestivalen Junior.
Om vinnarklassen skriv juryen:
«Vinnarklassen skriv om ei variert vifte av tema – frå arbeid, klima, skule, transport og teknologi. Klassen skriv kreativt og godt om korleis me kan få hjelp av ny teknologi i framtida. Mange er flinke med god kjeldebruk, og drøftar godt korleis teknologi, kunstig intelligens og klimaendringar kan påverka oss. Og fleire skriv engasjert om kva håp dei har for framtida. Vinnar av skrivekonkurransen er fullt fortent klasse 7A ved Lone skule».
Juryen kåra tekstane til desse enkeltelevane til vinnarar av skrivekonkurransen:
Nora Erikstad, 6. trinn, Askvoll skule
Nadya Soqullio Gudvangen, 7. trinn, Aurland barne- og ungdomskule
Heidi, 6. trinn, Søvik skule
Vinjar, 6. trinn, Søvik skule
Emma Trædal Hovde, 7. trinn, Frøyland skule
Joel Andreas Aadland, 5. trinn, Danielsen barne- og ungdomsskule på Sotra
Annabell Østebø, 7. trinn, Ogna skule
Tobias Skjelstad, 6B, Landro skule