Hopp til hovedinnhold
av Charlotte Myrbråten sist endret 2025-01-20T12:17:23+01:00
Arrangørar: Hordaland Bonde- og Småbrukarlag Midthordland Bonde- og Småbrukarlag Spire Bergen Økologisk Vestland
Onsdag 29. januar 18:00
Hovedbiblioteket, Auditoriet
Velkomen til ein spanande kveld kor vi set vestlandsbonden, sjølvforsyning og inntekta i jordbruket på agendaen!
Tor Jacob Solberg, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag kjem.
Det vert politisk samtale med sentrale politikarar i Hordaland.
Program vert oppdatert fortløpande.
 
---------------------
Aldri har vi vore færre bønder i Noreg, og aldri har vi vore fleire folk.
Nedlegginga av norsk landbruk held fram jamnt og trutt, og både gjennomsnittsalderen og gjennomsnittsgjelda er rekordhøg.
Samstundes snakker folk om sjølvforsyning og beredskap i ein stadig meir urolig verd.
Korleis heng dette saman? Og kor høyrer vestlandsbonden heime i diskusjonen?
Våren 2025 skal ein vedta eit nytt talgrunnlag for berekning av bønders inntekt etter at saka havarerte i Stortinget i fjor.
No gjeld det: Skal bøndene endeleg få ærlege tal og ei rettferdig inntekt etter å ha venta på jamstilling sidan opptrappingsvedtaket i 1975? Eller skal landbruket gå for lut og kaldt vatn?
Og: Treng vi EIGENTLEG å driva med dette tungvinte vestlandsjordbruket, eller skal vi satsa heile sjølvforsyninga vår på dei fine, flate jordene austpå?
-----------------

Ærlege tal: treng vi eigentleg vestlandsbonden