- https://bergenbibliotek.no/arrangement/bergensminne-med-gunnar-skirbekk
- Bergensminne med Gunnar Skirbekk
- 2026-03-03T18:00:00+01:00
- 2026-03-03T19:00:00+01:00
- Korleis blir eit menneske filosof?
I ein menneskealder har Gunnar Skirbekk vore ein av dei mest synlege intellektuelle i Bergen. I dag er han rekna som ein av verdas betydningsfulle filosofar. Men korleis blei han slik? Kor har han røtene sine? Kva slags planar hadde han for livet - og kva blei berre slik det blei, av di han snubla inn i det? Kva slags straumdrag har han blitt forma i - og kor peikar spora hans vidare framover?
Bergensminne er eit samarbeid om livshistorier og munnleg kulturarv mellom Bergen Bibliotek og Memoar. Intervjuar den 3. mars blir minnesamlar Bjørn Enes. Sjå meir på www.memoar.no/bergensminne