- https://bergenbibliotek.no/arrangement/bergensminne-med-michael-planthafe
- Bergensminne med Michael Planthafe
- 2026-02-03T18:00:00+01:00
- 2026-02-03T19:00:00+01:00
- Svenner på valsen, 1380-2026.
På 1300-talet tok det eine handverkslauget etter det andre til å sende svennane sine ut på vandring i Europa. Dei skulle lære av folk i andre byar og andre land. Etter kvart vart det slik at du måtte ha minst tre år “an der Walz”/“på valsen” før du kunne få meisterpapir. I Tyskland finst rester av desse tradisjonane den dag i dag. Michael Planthafer kom ikkje sjølv til Bergen i eit “Wanderjahr”/”vandringsår” - han kom på meir vanleg vis. Men han fekk kontakt med vandrande svennar, og i dag er han lokal fadder for dei som kjem for å lære handgrep og arbeidskultur frå norske handverkarar.
Bergensminne er eit samarbeid om livshistorier og munnleg kulturarv mellom Bergen Off. Bibliotek og Memoar. Intervjuar den 3. februar blir minnesamlar Isabel Sandvik Shepherd.