Hopp til hovedinnhold
av EON sist endret 2025-01-10T10:17:13+01:00
Kva var ein horg i førkristen tid? Vi kjenner ordet frå fjellnamn i Hordaland, men det var òg ein type kultstad og kultbygning i gammalgermansk religion. Eldar Heide gjev si forklaring av kva det var på lanseringa av boka "Pre-Christian hǫrgr: passages through barriers".
Tirsdag 18. februar 18:00
Hovedbiblioteket, Amalies hage

Mange kjenner horg frå fjellnamn i Hordaland, men det var òg ein type kultstad og kultbygning i gammalgermansk religion. Kva ein horg var, har det vist seg vanskeleg å finne ut av. Rådande syn i over 100 år har vore at grunntydinga var ‘røys’, ‘knaus’, ‘fjell’ eller liknande, forstått som variantar av den same ideen. Då har ein tenkt seg at folk kunne ofre på slike stader, særleg på røysar, og i neste omgang bygge tak over offerstaden. Så har det utvikla seg til ein kultbygning.

Sjekkar ein i kjeldene, så viser det seg at grunnlaget for dette synet er veikt. Norrøne og gammalsvenske ordbøker forklarer horg (hǫrgr / hargher) som ‘steinrøys, varde’. Men i tekstane finst det ikkje grunnlag for desse definisjonane, korkje her i Norden eller i Tyskland og England. Dei gammalgermanske tekstane kan ikkje fortelje oss kva ein horg var. Etymologiske vurderingar har berre ført til sirkelresonnement.

For å prøve å løyse problemet, undersøker Eldar Heide i denne boka landskapet rundt alle stader med namn på horg i Norden. Det viser seg at landskapet rundt dei fleste stader med gamle horg-namn er knytt til passasje gjennom landskapsbarriere: ferdaveg gjennom fjellmassiv, vatn som bryt gjennom morene, reint farvatn gjennom skjergard, osb. Nokre få tilfelle ser ut til å reflektere kultanlegg som etterliknar landskapsforma, med menneskeskapte barrierar og passasjar – som ringar av ståande steinar. Dette kan vera brua over til horg som kultbygning.

Boka er vitskapleg og skriven på engelsk. På lanseringa kjem Heide til å halde eit føredrag på norsk som oppsummerer boka. Føredraget blir rikt illustrert, m.a. med bilete frå landskap og ferdavegar på Vestlandet. Det er landskapsmønstera som er kjerneargumenta i boka.

Det blir musikkinnslag.

Eldar Heide er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet. Han er doktor i norrøn filologi (2006) og har publisert breitt innanfor nordisk språk og kulturhistorie. Sidan 2022 har han drive podkasten Tru og meining i gammal tid.

Boklansering: Horg i landskap, stadnamn og førkristen kult ved Eldar Heide