av Charlotte Myrbråten
—
sist endret
2025-11-19T12:35:14+01:00
Simon Stranger har sidan debuten i 2003 gjeve ut ei rekkjer bøker for barn, ungdom og vaksne. Mest kjend er han kanskje for romanen «Leksikon om lys og mørke» som er omsett til over 20 språk.
- https://bergenbibliotek.no/arrangement/bokprat-med-simon-stranger
- Bokprat med Simon Stranger
- 2025-11-23T12:00:00+01:00
- 2025-11-23T13:00:00+01:00
- Simon Stranger har sidan debuten i 2003 gjeve ut ei rekkjer bøker for barn, ungdom og vaksne. Mest kjend er han kanskje for romanen «Leksikon om lys og mørke» som er omsett til over 20 språk.
I ei elv på Vestlandet leitar to vaksne gutar og ei aldrande mor etter ein stein til ei grav. Ein stein til ein kjær, men frykta far som dei endeleg kan frigjere seg i frå.
-Jeg har arvet hendene dine, skriv Simon Stranger ein stad i romanen med same namn; Stranger. Mest av alt fryktar forfattaren å bli som far sin. Romanen handlar om å vekse opp i skuggen av psykisk sjukdom.
Korleis kan ein komme vidare når ein er bundne til dei ein elskar, men samtidig treng å ta avstand for å berge seg sjølv?
Leit i ruinane dine, er eit velkjent skriveråd. Men mellom knuste barndomsminne har Simon Stranger unngått å leite og heller ikkje fortalt, ikkje til nokon. Kan vi stole på barndomsminna, slik vi hugsar dei, når vi teier?
Velkomne til eit nært og personleg møte med Simon Stranger om forteljingane si frigjerande kraft og om nyansane som kjem fram når lyset slepp inn, som i eit prisme i ein vassdråpe på ein stein i ei elv.
Forfattarmøtet på Bergen offentlige bibliotek søndag 23. november markerer slutten på Simon Stranger si bokreise til litterære møteplasser i grender og bygdelag i Vestland tidlegare denne veka.
Fri inngong. Velkomne!