Hopp til hovedinnhold
av EON sist endret 2025-02-05T12:41:51+01:00
Det blå landet er ein konsert med utgangspunkt i dikt av Hans Børli og Olav H. Hauge – og med musikk av Langeland og Hamre. Ved Vestmannalaget.
Torsdag 24. april 18:00
Hovedbiblioteket, Auditoriet

Musikk- og tekstutval er sett saman mot eit bakteppe av folkemusikk-tradisjonar frå Hardanger og Finnskogen. Lengsel mot det som ligg bortanom jordelivet og kvardagsstrevet har kanskje i eldre tider skapt huldremusikk og møte med det usynlege, ein dragnad mot det blå landet,
som Hauge kallar det i eit dikt. Dette nye samarbeidet mellom Langeland og Hamre hentar inspirasjon frå to ulike regionar og tradisjonar og skapar ein særeigen samklang mellom kantele og hardingfele. Gjennom dette programmet vert to folkekjære poetar hylla av to av våre fremste
folkemusikkutøvarar og tradisjonsberarar. 

Sinikka Langeland var berre 17 år då ho sette tone til eit dikt av Hans Børli for fyrste gong. Knut Hamre møtte Olav H. Hauge alt i tolvårsalderen då Hauge las eigne dikt på konsert i Granvin. Seinare hadde han mange møte med forfattaren i heimen hans på Rossvoll i Ulvik. Det blå landet er det fyrste samarbeidet mellom Sinikka Langeland og Knut Hamre.

Arrangør: Vestmannalaget

Det blå landet. Konsert med Sinikka Langeland og Knut Hamre