- https://bergenbibliotek.no/arrangement/ein-ma-vera-menneske-det-er-det-storste-og-forste
- «Ein må vera menneske, det er det største og første»
- 2026-11-19T18:00:00+01:00
- 2026-11-19T19:00:00+01:00
- Føredrag om Olav Duun ved førsteamanuensis Grethe Fatima Syéd.
I år er det hundreårsjubileum for forfattaren Olav Duun (1876–1939). Duun blei fødd på Jøa i Ytre Namdalen, nådde lesarar i heile Europa i si tid, og var aktuell til Nobelprisen i ei årrekke. Seinare har han hamna meir i skuggen, men mange hugsar framleis dei sterke forteljingane om Odin som ofrar livet for motmannen sin i Juvikfolke (1918–23) og om Ragnhild som drep svigerfar sin, men som etter kvart kjem til erkjenninga om at «Det vonde drep du ikkje med øks». I år blir jubileet markert på mange måtar over heile landet. Denne kvelden på Bergen offentlige bibliotek, med føredrag av Grethe Fatima Syéd, som tok doktorgrad på Duuns dikting i 2012 og kom ut med bok om forfattarskapen i 2015.
Ved Vestmannalaget.