- https://bergenbibliotek.no/arrangement/filosofi-for-alle-jeg-velger-sannheten
- Filosofi for alle – Jeg velger sannheten
- 2026-09-24T18:00:00+02:00
- 2026-09-24T18:00:00+02:00
- Førsteamanuensis Per Thorvaldsen om den ukjende bergensfilosofen Herman Tønnesen
Den 18. juni 1985 sende NRK eit 24 minuttar langt intervju med den pessimistiske filosofen Herman Tønnesen i samband med utgjeving av Jeg velger sannheten. Dette intervjuet endra livet til Per Thorvaldsen. No har han sytt for nyutgjeving av denne tittelen, med nyskrive etterord av Inga Bostad og med ei ordliste som gjer greie for latinske ord, og dessutan inneheld ei referanseliste til personar som er nemnde i bokverket.
Jeg velger sannheten er ein filosofisk dialog mellom Herman Tønnesen og Peter Wessel Zapffe, med etterord av Arne Næss. Gjennom dialogen tek samtalepartnarane opp til drøfting dei djupaste spørsmål om liv og død og mennesket sin plass i naturen og språket. Med sitt karakteristiske intellekt og sin kompromisslause pessimisme utfordrar Tønnesen både Zappfe og lesaren.
Nb! Alle som møter fram til føredraget, får med seg eit gratis-eksemplar av Jeg velger sannheten.
Arrangert av Vestmannalaget.