Hopp til hovedinnhold
av Robin Van de Walle sist endret 2026-03-04T12:15:02+01:00
Biblioteket inviterer til heilaftan i folkemusikkens teikn. Det blir utvida opningstid med live folkemusikk, open kafé, og dans mellom bokhyllene. Velkomen!
Onsdag 25. mars 18:00
Hovedbiblioteket, Storsalen

Kontakt

I kveld tar det bergenske folkemusikkmiljøet over biblioteket!

18.00 - 18.45 : lynkurs i folkedans i Storsalen. Perfekt for deg som aldri har dansa før, eller som er litt rusten. 

Kl 18.45 - 19.30 : dansekonsert med TØYR

19.30 - 21.30 : dansespel med lokale utøvarar og spelemannslag.

Alt skjer i Storsalen i bibliotekets første etasje. 

Amalies Hage vil halde ope under heile kvelden. 

TØYR er ei gruppe med utspring fra Ole Bull-akademiet. med fokus på eigenskrevne låtar og god, svingande tradisjonsmusikk. Dei held no til i Bergen, der dei hentar vel så mykje inspirasjon som frå heimtraktene; Sunnmøre, Trøndelag og Gudbrandsdalen. TØYR spelar både sjølvkomponert og tradisjonell bygde- og runddansmusikk. Dei arrangerar i eigen stil med fokus på instrumenta, melodiane og dansetakta.

Bergen Ungdomslag Ervingen har teke initiativ til kvelden, og stiller med musikarar og dansarar. I tillegg kjem fleire utøvarar og spelemannslag frå bergensområdet til å spele i løpet av kvelden.

Gratis inngang!

Folkemusikkens kveld: Spel og dans på Hovudbiblioteket