Hopp til hovedinnhold
av Marie Amdam sist endret 2024-01-29T11:49:03+02:00
Møt Marit Eikemo til samtale om si nye bok "Vi er brødrene Eikemo"
Torsdag 6. juni 18:00
Hovedbiblioteket, Amalies Hage

Kontakt

Marit kjem heim til Berjaflotvegen i Odda. Den 86 år gamle far hennar, Per Eikemo, er den siste som bur att i den fire etasjar høge generasjonsbustaden som blei bygd av far hans, og som lenge romma både fleire generasjonar Eikemo og leigebuarar. No er det stille. Marit går gjennom etasjane og romma, og gjennom bilda ho ser, og gjenstandane ho plukkar opp, blir historiene frå huset vekt til live: frå hennar eigen oppvekst og tilbake til dei tidlege åra til foreldregenerasjonen.
 
Då far til Per døydde i ei fallulykke på femtitalet, etterlet han seg kone og fem søner. Den 14 år gamle Per var nøydd til å stå for inntektene til huset og blei ein farsfigur for dei fire yngre brørne. Ein tung arv forplanta seg nedover generasjonane. Alle prosjekta som brørne har halde gåande gjennom åra - bygging av båtar og bilar, amerikareiser, etablering av idrettslag, maratonløp, skihopping og bygging av ulovlege småhytter på vidda - har skjedd i skuggen ulykka. Huset i Berjaflotvegen står att som eit bilde på ein tidsepoke, og kva vil då vere att av alt dette når heller ikkje Per lenger vil bu der for å passe på?
 
«Vi er brødrene Eikemo!» er ein personleg sørgesong og ei kjærleikshistorie om alt som går tapt. Marit Eikemo fortel med varme og innsikt om det skjøre i livet, om ein far og ei dotter, om ein familie, om ei slekt, om industristaden Odda, om ei tid og eit lite stykke Noreg.
 
Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør, leiar for Cornerteatret i Bergen og programsjef for Norsk Litteraturfestival.
Bergen Offentlige  Bibliotek

Klasse, kultur og kapital: Marit Eikemo om "Vi er brødrene Eikemo"

Klasse, kultur og kapital: Marit Eikemo om "Vi er brødrene Eikemo"

Møt Marit Eikemo til samtale om si nye bok "Vi er brødrene Eikemo"

  • Torsdag 6. juni
  • 18:00 - 19:00
  • Hovedbiblioteket, Amalies Hage
  • GRATIS