- https://bergenbibliotek.no/arrangement/konsert-med-tam-glen
- Konsert med Tam Glen
- 2026-02-19T18:00:00+01:00
- 2026-02-19T19:00:00+01:00
- Tam Glen er ein duo som syng og spelar songar av Skottlands nasjonalskald Robert Burns (1759-1796) i Johannes Gjerdåkers nynorske målbunad. Med Annlaug Børsheim og Olav Tveitane.
Melodimaterialet er for det meste dei originale og høgt elska skotske tonane, men òg nykomponerte melodiar og instrumentalparti henta frå m.a. britisk/irsk tradisjon.
Annlaug Børsheim frå Ulvik i Hardanger er ein svært allsidig utøvar med bakgrunn m.a. frå norsk folkemusikk, rock/pop, teaterprosjekt, litteraturformidling for born og vaksne m.m. Olav Tveitane frå Bergen er ein veteran i vestnorsk folke- og verdsmusikk, og har delteke i mange prosjekt og produksjonar med musikarar i og utanfor regionen.
Ved Vestmannalaget.