Hopp til hovedinnhold
av EON sist endret 2025-05-07T13:09:11+02:00
Forfattar Anne Karin Fonneland står for dagens litterære lunsj med utgangspunkt i romanen "Sognerosa".
Tirsdag 2. september 12:00
Hovedbiblioteket, Auditoriet

Om Sognerosa:

Ingeborg Kristine og Lovise vert døypte med nokre vekers mellomrom i Vangsnes kyrkje i Sogn. Den eine vert skriven inn i kyrkjeboka som ægte, medan den andre vert ført inn som uægte. Dette skal få følgjer for dei to som veks opp i eit bygdemiljø prega av konfliktar mellom fastbuande og tilreisande. Det er ei tid med aukande turisme og endringar. Bondekultur med handverk, vevnad og treskjering møter bykultur.
Til dei frodige bygdene kjem også båtbyggjarar frå Hardanger og Kvinnherad. Jentene får merka det yrande livet ved sjøkanten og ved handels- og gjestgjevarstadane.

Anne Karin Fonneland er ein norsk forfattar frå Sunde i Sunnhordland. Ho skriv prosa, lyrikk og sakprosa. Ho debuterte i 1996 med diktsamlinga Marmormjølk, og har sidan skrive fleire diktsamlingar, roman og barnelitteratur.

Litterær lunsj med Anne Karin Fonneland