- https://bergenbibliotek.no/arrangement/nymusikk-krapyl-biblioteksmusikken-presenterer-hallgeir-fiskaaen
- nyMusikk Krapyl: Biblioteksmusikken presenterer Hallgeir Fiskaaen
- 2026-06-06T14:30:00+02:00
- 2026-06-06T15:00:00+02:00
- Gitarist Hallgeir Fiskaaen om konserten: "Når ein tenker på musikk for klassisk gitar vil folk ofte tenke på spanske komponistar som Rodrigo, Turina, Torroba etc, men viste du at det finnes ein britisk gitarmusikktradisjon?
Den starta på 50-talet då Julian Bream fekk nokre av samtidas fremste britiske komponistar til å skrive for instrumentet. Eit av dei fyrste stykka ut var Sonatina av Lennox Berkeley. Denne sonatina pluss den bergensbusette engelske komponisten Marcus Davidson sine "Four Rhapsodies (dedikert til Hallgeir Fiskaaen)" vil de få høyre på denne konserten. Vel møtt!"
Biblioteksmusikken, også kalt Krapyl, er ein konsertserie som går laurdagar i regi av nyMusikk Bergen. Desse laurdagane kan publikum få oppleva ny musikk, og i tillegg ta med ungane sine. Konsertane er ikkje såkalla barnekonsertar, men produksjonar som blir gjort tilgjengelege for både vaksne og barn, på eit klokkeslett som høver alle aldrar, og som ikkje har for høgt volum.
Musikken blir presentert rå og direkte til store og små krapyl!