- https://bergenbibliotek.no/arrangement/nymusikk-krapyl-presenterer-vokale-krumspring-med-bodil-rortveit-og-kristin-bolstad
- nyMusikk KRAPYL presenterer: Vokale krumspring med Bodil Rørtveit og Kristin Bolstad
- 2025-01-11T14:30:00+01:00
- 2025-01-11T15:30:00+01:00
- Godt nyttår til alle små og store krapyl og velkomne skal dykk vere til årets første Krapyl der dei to vokalistane Kristin Bolstad og Bodil Rørtveit møtes til konsert for første gong! Dette blir spanande - det einaste vi veit er at det blir akustisk, det blir improvisasjon, det blir musikalsk kommunikasjon, glimt i auget og utstrakt bruk av stemmer.
Kristin Bolstad er songar, komponist og improvisasjonsutøvar busett i Oslo. Ho har jobba med fleire ulike internasjonale musikarar og utøvarar, samt fått musikken sin framført rundt om i Norge, Europa, USA og Canada. Kristin har soloprosjektet VokalCollage med stemme/elektronikk, Shhht! fri-impro duo for stemme, elektronikk, boksar og duppedittar og LUDO fri-impro vokalduo.
Komponist og vokalkunstnar Bodil Rørtveit skapar konseptuelle musikalske prosjekt, ofte i tverrkunstneriske samarbeid. Ho har gjort prosjekta sine med blant andre Festspillene i Bergen, Bergen Filharmoniske Orkester, Det Vestnorske Teater og Stavanger Symfoniorkester. I 2025 gir ho ut sitt første, reine vokalalbum; "Djupna".
Konserten finn sted i Auditoriet på Bergen Offentlige Bibliotek og er gratis.
Biblioteksmusikken, også kalt Krapyl, er ein konsertserie som går laurdagar i regi av nyMusikk Bergen. Desse laurdagane kan publikum få oppleva ny musikk, og i tillegg ta med ungane sine. Konsertane er ikkje såkalla barnekonsertar, men produksjonar som blir gjort tilgjengelege for både vaksne og barn, på eit klokkeslett som høver alle aldrar, og som ikkje har for høgt volum. Musikken blir presentert rå og direkte til store og små krapyl!