Hopp til hovedinnhold
av Arild Ness sist endret 2026-08-04T16:00:05+02:00
«Skinnvotten i ny drakt» er eit nyskrive verk, som tar for seg det tradisjonelle Ukrainske folkeeventyret om Skinnvotten.
Lørdag 7. november 14:30
Hovedbiblioteket, Auditoriet
Verket er komponert av fiolinist Mara Haugen og cellist Ragnhild Sannes, og består opprinneleg av ti miniatyrsatser for fiolin og cello, som vart urframført på Bergen Offentlige Bibliotek oktober 2024. Sidan har verket vore framført fleire gonger for barnehagebarn over heile Bergen.
 
Denne framsyninga er heilt spesiell - sidan vi har med oss juniororkesteret frå Bønes og Fana Unge Strykere. Etter workshoper saman med komponistane, har barna i orkesteret fått vere med å forme stykket på nytt, øvd på utvida teknikker og fått utvikle nytt musikalsk materiale.
Sannes/Haugen ønskjer å gje barn høve til å erfare korleis det er å vere delaktige i den skapande prosessen, og bli kjent med nymusikk og utvida teknikker for strykeinstrumenter. Dei held workshops for barn der barn kan utforske nye teknikkar, klanger og lyder.
 
Om Bønes og Fana Unge Strykere:
Bønes og Fana Unge Strykere er eit strykeorkester med bakgrunn fra to av byens eldste barne- og ungdomsorkestre. Våren 2024 slo dei seg saman til éit orkester og har no omlag 40 medlemmer i alderen 7-16 år. Dei har både eit juniororkester og eit hovudorkester, og øver på Steinerskulen på Paradis. BØFUS held jamnleg konsertar i Fana, Bønes og Bergen sentrum, og framfører både klassisk musikk, populærmusikk og nyare musikk. Instruktører er Eli Scholtz Hydle, Sylwia Harasiuk og Ragnhild Sannes.
 
Konserten finn sted i Auditoriet på Bergen Offentlige Bibliotek og er gratis.
 
Biblioteksmusikken, også kalt Krapyl, er ein konsertserie som går laurdagar i regi av nyMusikk Bergen. Desse laurdagane kan publikum få oppleva ny musikk, og i tillegg ta med ungane sine. Konsertane er ikkje såkalla barnekonsertar, men produksjonar som blir gjort tilgjengelege for både vaksne og barn, på eit klokkeslett som høver alle aldrar, og som ikkje har for høgt volum.
Musikken blir presentert rå og direkte til store og små krapyl!
 
nyMusikk Krapyl: Skinnvotten i ny drakt