av Nettredaktør
—
sist endret
9 days ago
Korleis kling ein bolt oppi pianoet? Korleis kling ein gaffel? Er flygelet så stort fordi det skal ha plass til ein kval oppi? Desse, og mange fleire spørsmål, vil verta forska på i verkstaden til komponist og pianist Dr. Else Olsen S. og lydforskar Åsmund Storesund (13 år).
- https://bergenbibliotek.no/arrangement/nymusikk-krapyl-storesund-pianoverkstad
- NyMusikk Krapyl: Storesund pianoverkstad
- 2025-03-22T14:30:00+01:00
- 2025-03-22T15:00:00+01:00
- Korleis kling ein bolt oppi pianoet? Korleis kling ein gaffel? Er flygelet så stort fordi det skal ha plass til ein kval oppi? Desse, og mange fleire spørsmål, vil verta forska på i verkstaden til komponist og pianist Dr. Else Olsen S. og lydforskar Åsmund Storesund (13 år).
Lørdag
22.
mars
14:30
Hovedbiblioteket, Vårt Vestland, 2. etg
NyMusikk Krapyl inviterer deltakarane med som forskarar, og me skal bruka lydane me finn til heilt ny musikk som me skal laga saman. Ingen forkunnskaper trengs, berre lysta til å laga lyd!
Denne verkstaden er særskild tilskipa for ADHDarar, og andre som har armar og bein høgt og lågt. Dr. S er sjølv ADHDar, og ynskjer små og store lydforskarar velkomne.
I samarbeid med ADHD Norge Bergen lokallag.
Konserten finn sted i Vårt Vestland på Bergen Offentlige Bibliotek og er gratis.
Biblioteksmusikken, også kalt Krapyl, er ein konsertserie som går laurdagar i regi av nyMusikk Bergen. Desse laurdagane kan publikum få oppleva ny musikk, og i tillegg ta med ungane sine. Konsertane er ikkje såkalla barnekonsertar, men produksjonar som blir gjort tilgjengelege for både vaksne og barn, på eit klokkeslett som høver alle aldrar, og som ikkje har for høgt volum.
Musikken blir presentert rå og direkte til store og små krapyl!