Hopp til hovedinnhold
av EON sist endret 2026-02-03T14:45:10+01:00
Arktisk forsking i historisk og aktuelt perspektiv ved havforskar Kjell Nedreaas og filmfotograf og kulturarbeidar Hans Kr. Bukholm. Ved Vestmannalaget.
Torsdag 23. april 18:00
Hovedbiblioteket, Auditoriet

I august 2024 gjenomførte Bergen Filmutvikling (Bukholm/Iversen-samlinga) i samarbeid med Havforskningsinstituttet i Bergen ei siglarferd med den gamle notgavlbåten "Sigurd" langs vestkysten av Svalbard.

Toktet var på den eine sida del av ein lenge planlagd produksjon av ein portrett-dokumentar som gjeld ein av dei store pionerane i Arktis, fiskerikonsulent Thor Iversen (1873-1953). Dette arbeidet går no hand i hand med ferdig restaurering av Iversens langt på veg ukjende kinodokumentar "Høyt Mot Nord" frå 1939. 

Samstundes gjorde seniorforskar Kjell Harald Nedreaas ved Havforskingsinstituttet nyttige undersøkingar av organisk liv i strandsona i fjordane på vestkysten.

Programmet inkluderer biletserie om Thor Iversen og sekvensar som syner forskingsarbeidet som vart utført under toktet i 2024.   Dette var fyrste - og truleg siste gong - eit slikt tokt vart gjenomført med ein tradisjonelt rigga notgavlbåt i farvatnet ved Svalbard.

På tokt i Arktis med 106 år gamal notgavlbåt