Hopp til hovedinnhold
av Marie Amdam sist endret 2026-06-25T12:41:10+02:00
Foredrag med Sylfest Lomheim om si nye bok "Frontallappen - Kunstig intellegens som omsetjar?"
Tirsdag 15. september 18:00
Auditoriet, Hovedbiblioteket

Kontakt

I 2023 kom det over oss ei gigantisk tek-bølgje som må seiast å ha endevendt omsetjingsfaget. Det vesentlege i opningskapittelet er å avklara og gjere tydeleg at det som skjer i KI-programma og det som skjer i vår hjerne, ikkje kan samanliknast. Dei to, maskina og mennesket, spelar ikkje på same lag. Dei er på kvar sin banehalvdel.
 
Sidan appane rår over menneskets kvardag på 2020-talet, er det både rimeleg og venta at me menneske brukar appar til å levera meir eller mindre gode omsetjingar. Mennesket har i dag gjort data-omsette tekster til ein del av kvardagen. Difor må KIs språkgenerering verta tema her i starten, sjølv om hovudmålet med boka er å skrive om alle dei komplekse, intellektuelle prosessane som går føre seg i menneskehjernen under omsetjing. Dei prosessane som skjer i den fremre delen av hjernen, går føre seg nettopp i det området som går under nemninga "frontal-lappen".
 
Sylfest Lomheim (f. 1945) kjem frå Hafslo i Sogn. Han er professor i norsk og omsetjing ved Universitetet i Agder. Han har skrive om omsetjing, omsetjingsteori, fagspråk og språknormering. Foredrag med forfattaren. 
 
Sylfest Lomheim: Frontallappen - Kunstig intellegens som omsetjar?