Hopp til hovedinnhold
av Camilla Grindheim Larsen sist endret 13 days ago
Vi strømmer foredraget fra Oslo direkte. Kom på Vårt Vestland i 2. etasje på Hovedbiblioteket og få med deg begivenheten. Gratis inngang.
Torsdag 24. april 16:00
Hovedbiblioteket, Vårt Vestland

Dette er et arrangement i Oslo som strømmes direkte på biblioteket i Bergen.

OM ARRANGEMENTET
Den franske filosofen Jean-Luc Marion held det første Fosseforedraget i historia, og den tyske omsetjaren Hinrich Schmidt-Henkel tek imot Fosseprisen for omsetjarar. Regjeringa har oppretta foredraget og prisen for å heidre nobelprisvinnar i litteratur Jon Fosse.     

På Nasjonalbiblioteket kan du sjå heile seremonien frå Slottet, der Fosseforedraget og Fosseprisens høge beskyttar HKH Kronprinsesse Mette Marit ønskjer velkommen. Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery held tale, og musikar og komponist Anja Lauvdal framfører eit bestillingsverk for kyrkjeorgel. Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre leier seremonien på Slottet.  

Jean-Luc Marion er ein av dei største nolevande tenkjarane i Europa, og er særleg oppteken av tema som kjærleik, kunst og Gud som fenomen. Dette første Fossefordraget har fått tittelen Creation/ Skaping  og er til sals på nynorsk, engelsk og fransk i bokhandelen vår.

Hinrich Schmidt-Henkel har omsett mange norske verk til tysk, mellom anna av Ibsen, Vesaas, Askildsen, Løveid, Lillegraven og Fosse. Han blir heidra for evna til å gjenskape den språklege rikdommen i nynorsk og bokmål til tysk og for godt arbeid med å løfte fram norsk litteratur og dramatikk i utlandet. Prisen blir overrekt av H.K.H. Kronprinsessa.  
     
Følg direktestrøyming frå Slottet her!

Visning av Fosseforedraget og Fosseprisen 2025