Hopp til hovedinnhold
av Leiv Runar Mæhle sist endret 2025-08-26T14:37:00+01:00
Matauk, sjølvberging, beredskap, bevaring av mattradisjoner og kultur, minner om bestemors spiskammers; kall det kva du vil, men hermetisering er i vinden igjen og passer alle som har lyst til å ha skikkelig gode smakfulle greier på lager heile året!
Onsdag 3. september 18:00
Åsane bibliotek
Anne Lill Stene, faglært kokk med mesterbrev, fagtekniker innan lokal matkultur, sanker, hobbydyrker og profesjonell matgleder kjem for å halde foredrag om hermetisering. Ho driv «the one woman show» Stene Matglede AS og er ivrig opptatt av å inspirere og dele kunnskap og matglede gjennom ei rekke matkurs for både vaksne og barn.
 
Denne hausten ligg fokuset på å ta vare på kunnskapen frå bestemor og sette den i dagens matkulturelle kontekst.
Så om du enten er interessert i å lære om korleis dei bevarte maten før i tida, korleis du kan toppe tapasbordet med sjølvlaga skatter på glass, få tips til korleis du kan bevare den store fangsten frå kjøkkenhagen eller dra nytte av kjempebillig squash i sesong så er dette foredraget for deg!

Hermetisering 2.0 - Foredrag ved Anne Lill Stene