Hopp til hovedinnhold
av Leiv Runar Mæhle sist endret 2024-12-19T14:24:00+01:00
Om sin nye roman, Reiret (arbeidstittel).
Torsdag 30. januar 12:00
Åsane bibliotek
Ingvild Holvik (f. 1976) har vakse opp på Rolland og bur i Tromsø. Ho debuterte i 2010 til strålande kritikkar med romanen Lykkefeltet, og gav hausten 2024 ut sin fjerde roman, Reiret (arbeidstittel). Ho har også omsett Maren Uthaug til norsk, og blei nominert til Brageprisen for omsetjinga si av ungarske Attila Bartis.
 
Reiret (arbeidstittel) er ei oppvekstskildring frå Åsane på nittitalet, pakka inn i ein dagbokroman frå Tromsø. Gjennom dagboknotat og skjønnlitterære forsøk på å søke seg inn på Forfattarstudiet i Tromsø, blir vi kjent med hovudpersonen Gry. Reiret (arbeidstittel) er ein roman om kristen forkynning og satan-angst, men også i stor grad om oppvekst og bustad.
 
Med lunsjkonseptet «Lokale litterater» inviterer vi skrivande menneske som på ulikt vis er knytt til Åsane til å kome og fortelje om arbeida sine. Vi møtast i Klubben klokka tolv, med kaffi, te og litt å bite i. Dei lokale forfattarane byr på foredrag, forteljingar og høgtlesing frå aktuelle utgivingar.

Lokale litterater - Ingvild Holvik