- https://bergenbibliotek.no/bibliotekene/fana/lesestund-for-barnehagar-4-6-ar
- Lesestund for barnehagar 4-6 år
- 2026-09-14T10:00:00+02:00
- 2026-09-14T11:45:00+02:00
- Fana bibliotek ønsker dei eldste i barnehagen velkomen til lesestund og teikning.
Me les boka “De står i kø” av Per Dybvig.
Dyrene i skogen står i kø. Det ser gøy ut, synes Kvist. Han vil være med, men da må han stille seg bakerst.
Da virker det ikke så gøy lenger.
Etter høgtlesinga får barna teikne sin eigen fantasifigur som kan stå i kø oppe i biblioteket. Det blir spanande å sjå kor lang køen har blitt når formidlingsperioden er over! Tips gjerne foresatte om å kome og sjå utstillinga.
Det er plass til 20 barn per formidlingsstund, og den varer i ca. 40 minuttar. Formidlingsstunda er for barn mellom 4-6 år.
Påmelding: 1 billett per barn (vaksne treng ikkje billett).
Hugs å melde dykk av viss de blir forhindra i å kome.
Datoar: Kvar måndag frå 14. september til og med 26. oktober.
Tidspunkt:
- 10.00-10.45
- 11.00-11.45