av Therese Pedersen
—
sist endret
2026-06-15T14:38:26+02:00
Dei vaksne er ein roman om å frigjera seg frå fortida, fortald med språkleg overskot og skakkøyrd livslyst.
- https://bergenbibliotek.no/bibliotekene/fana/litteraer-lunsj-eli-fossdal-vaage
- Litterær lunsj: Eli Fossdal Vaage om Dei vaksne
- 2026-09-09T13:00:00+02:00
- 2026-09-09T14:00:00+02:00
- Dei vaksne er ein roman om å frigjera seg frå fortida, fortald med språkleg overskot og skakkøyrd livslyst.
Eli Fossdal Vaage romandebuterer med ei rå og original forteljing om makt, vald og konsekvensane av ubearbeidde erfaringar.
Ein gong då eg var barn, slo eg til ein vaksen mann. Han var ikkje ein slik fyr ein slo til, eg var ikkje ei slik som slo, og så slo eg til han, med flat hand over fjeset, slik eg hadde sett damer gjera på gamle filmar, i såpeseriar, med handflata, hardt, eg heldt ikkje tilbake.
Anette reiser heim for å gå på gjenforeiningsfest med klassen frå ungdomsskulen. Ho har slutta i jobben og slått opp med sambuaren, og i dagane fram mot festen skal ho bu hos Betzy, ein gammal nabo som ein gong var som ei mor for henne. Gjensynet med heimbygda vert eit brutalt møte med ei fortid som er like umogleg å hanskast med som notida, der gapet mellom korleis folk framstår og kven dei eigentleg er, verkar uoverstigeleg.
Møt forfattaren i samtale med Marie Amdam.
Omtalen av bok og forfattar er henta frå Bonnier forlag.