Hopp til hovedinnhold
av Helene Sahlsten-Jensen sist endret 2024-08-23T11:04:39+01:00
Den spritselgande, pensjonerte presten og drapsmannen Jens Juul er tilbake!
Tirsdag 10. september 18:00
Laksevåg
Anders Totland sin fyrste roman om den komplekse pensjonisten vart ein kjempesuksess, og i år kom den frittståande oppfølgaren Til døden skil oss.
 
Anders Totland har eit omfattande forfattarskap som spenn over alle målgrupper og med ein enorm variasjon i tema. Frå faktabøker for barn om sjørøvarar og pandemiar til vakre romanar for ungdom og vaksne om såre og vanskelege relasjonar. At Totland kan spele på mange strengar er definitivt tydleg i Til døden skil oss, som er ei morosam krimbok frå bygde-Noreg.
 
I samtale med Laksevåg bibliotek sin litteraturformidlar Kjersti Egge vil vi høyre om kvar Totland finn inspirasjon til komikrimbøkene, og om barndom og foreldrerolla i uvanlege familiekonstellasjonar. Velkomen til forfattarmøte!

Til døden skil oss av med Anders Totland