Hopp til hovedinnhold
av Nils Henrik Smith — sist endret 2022-07-25T09:38:41+02:00
Kva bøker frå vår eiga tid kjem til å overleve i framtida? Kven vert framleis lesne i 2110? I ein ny serie gjev Bergen Off. Bibliotek ymse kulturpersonlegdomar høve til å teste sine spådomsevner. Første kvinne ut er forfattar Brit Bildøen.

Jon Fosse: Morgon og kveld (Det Norske Samlaget 2000). Er kanskje den finaste romanen Fosse har skrive. Ei klassisk forteljing om dei to heilt avgjerande augneblinkane i eit menneskeliv: fødsel og død. Etter å ha lese denne er eg ikkje lenger redd for å døy. Kva meir kan ein forlange av ei bok?

Thure Erik Lund: Elvestengfolket (Aschehoug 2003). Romansyklusen som startar med Grøftetildtragelsesmysteriet (1999) vil påverke forfattarar i mange tiår framover, først og fremst på grunn av det overskotsprega språket og den særeigne stilen Lund har utvikla. Det er nok første bind som blir ståande som klassikaren, men hovudpersonen Tomas Olsen Myrbråten dukkar opp igjen i denne snurrige og samtidig lettare tilgjengelege boka om livet i dei austnorske bygder.

Hjorth evnar å setje fingeren på smertefulle punkt i det livet vi lever her og no, og dei svake punkta i menneskenaturen.

Vigdis Hjorth: Hjulskift (Cappelen 2007): Hjorth evnar å setje fingeren på smertefulle punkt i det livet vi lever her og no, og dei svake punkta i menneskenaturen. Ho er ein av dei få forfattarane som eksplisitt tar opp spørsmål om klasse, haldningar og etikk i sine romanar. Hjulskift er ekstra ubehageleg og nyttig å lese for kvinner som meg, altså middelaldrande, kulturinterreserte middelklassekvinner.

Om Brit Bildøen
Brit Bildøen er forfattar og hovudkonsulent hjå Det Norske Samlaget. I tillegg til bøkene ho anbefaler, bør du sjølvsagt óg lese hennar eigne bøker, til dømes den utmerkte romanen Mitt milde vesen (2006) og den fine essayboka Litterær salong (2009).