Hopp til hovedinnhold
av EON sist endret 2022-07-25T09:37:42+02:00
Kva bøker frå vår eiga tid kjem til å overleve i framtida? Kven vert framleis lesne i 2111? I ein ny serie gjev vi ymse kulturpersonlegdomar høve til å teste sine spådomsevner. Denne veka: forfattar, diktgeneral, psykolog og bokmeldar Helge Torvund.


Torgeir Schjerven: Den stødige tilstundelsen av jubel i virkelig trist musikk (Gyldendal 2006).  Når forstanden leiker med språket som her, og smittar oss med energi, og når medvitet om verda og døden og ingen og Gud får veksa ut av språket som i denne boka, då vert føtene våre verb og mange kvinner vert med barn. Torgeir Schjerven får språket i gang, og når språket er i gang, så ruller hjul, kloden rullar, universet og mikrokosmos rullar. 

Einar Økland: Poetiske gleder (Samlaget 2003). Eit sterkt brygg av krevjande poesi.”Tvers gjennom alt som herjar, uroar, plagar og forstyrrar, har eg merka små korte blaff av ei sterk og gjennomstrålande glede” skriv Økland  – Det er slikt som overlever. Slikt eg trur skal overleve. Slikt eg vil skal overleve. Økland erter oss på seg, ristar oss av seg og teier oss i hel der me venta noko meir. Så må ein smile, og så må ein le, og så vert ein sitjande og tenkja likevel.  Poeten demonstrert si evne til å skriva dikt som bare er til. «Vi har ein viss over-/produksjon av sanningar i stor-/leiken SML for tida, sa/ Pilatus forklarande.» skriv Økland ein stad. Jepp.

Arvid Torgeir Lie: 39 fragment over ein harmonika (Gyldendal 2001). Arvid Torgeir Lie  skriv dikt med eit ukorrupt nærvær. Denne poeten er no noko heilt for seg sjølv i norsk poesi. Mest handlar det om det å stilla seg framfor den eksisterande røyndommen og «foreine det nødvendige med det verdige». Med ei nærast taoistisk målsetjing sirklar dikta seg inn mot det å sjå motsetjingane som samlevande par. Denne boka tek opp tråden frå «Eksakthet, nærvær» som kom i 1995. Her finst dikt om eit magisk siffer med «magerhetens lys og skrattens rus», om kronblad og harmonikatonens glød. Lyset me treng, med andre ord.

Om Helge Torvund
Helge Torvund (f. 1951) anses av mange som norsk poesis pater familias. Han har utgitt en rekke bøker, som i tillegg til det omfangsrike og kvalitetssikre lyriske forfatterskapet, inneholder essayistikk, barnebøker, oversettelser og fagbøker. I år har Torvund vært i vinden som 60 års-jubilant og ikke minst som forfatter av den kritikerroste diktsamlingen Alabama?