Hopp til hovedinnhold
av EON sist endret 2022-07-25T09:37:48+02:00
Kva bøker frå vår eiga tid kjem til å overleve i framtida? Kven vert framleis lesne i 2111? Denne veka: journalist og forfattar Hilde Kvalvaag.

Inger Bråtveit: Siss og Unn (Oktober 2008). Denne boka er uendeleg trist og vakker, og likevel morsom på ein mørk måte. Vi er ikkje komme lengre enn at det oftast er kvinnene som limar tilveret saman, kvinnene som blir, mens mennene åpenlyst eller på meir diskrete vis flyktar. Kanskje kjem vi aldri lengre? Kvinnene i Siss og Unn strevar naivt trufaste, og eg trur at dei vil finne nye lesarar om hundre år. Det fins alltid lengtande kvinner.

Jon Fosse: Søster (Samlaget 2000). Søster er ei barnebok for alle om ein fire år gammal rebell. Fireåringen undrar seg og gleder seg over livet, men kjenner (allereie) på einsemda i å vere misforstått. Strippa ned til fjord, høgt gras og små barn, aleine saman, er det ein tidlaus tekst. Den fire år gamle hovudpersonen må i løpet av ei tynn bok ta stilling til mange sider ved menneskelivet: Skal ein tørre å gje seg ut på eventyr? Er ein aleine i verda? Og det trøystande ved å oppdage at nei, ein er ikkje det. Søster er jo der!

Vigdis Hjorth: Snakk til meg (Cappelen Damm 2010). Det er fleire bøker av Vigdis Hjorth eg trur blir lesne om hundre år. Det djupe alvoret i ”Snakk til meg”, gjer at eg velger den. Den seier fleire sentrale ting om å vere norsk (kvinne) på 2000-tallet. Vi har all verdens muligheter, både økonomisk og som følge av at vi er ”frigjorde”. Den skammelege einsemda er likevel ein skjult pandemi. Snakk til meg, seier \bibliotekaren Ingeborg til sin vaksne son. Elsk meg, seier ho til sin cubanske elskar. Om hundre år seier lesaren kanskje: For ei trist epoke, så dårleg dei tok vare på kverandre den gongen.


Om Hilde Kvalvaag

Hilde Kvalvaag (f. 1968) debuterte med ungdomsromanen Hjarteklapp i 2003. For den fekk ho Nynorsk barnelitteraturpris. I 2008 gav ho ut si første bok for vaksne, romanen Skagerrak. For si andre bok, Nattsommarfugl (2005), mottok Kvalvaag Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok og Guro Sandsdalens litteraturpris. I 2008 fekk ho Sparebanken Vest sitt kunstnarstipend, og i 2010 fekk ho Samlagsprisen for romanen Skagerrak. I 2010 vart ho tildelt Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok for romanen Fengsla (2010).