Hopp til hovedinnhold

Nynorsk for dei minste

Nynorskveka feirast den 6. - 12. mai 2025. Her får du tips til kva du kan lese saman med dei minste. Fleire av titlane egnar seg godt for høgtlesing.

Vi roper i skogen er ein gjennomillustrert faktabok for dei yngste. I denne boka får vi høyre mange av skogens lydar og vite korleis dei som bur i skogen snakkar saman. 

Visste du til dømes at rådyra seier vovv-vovv og nesten høyrest ut som hundar? At fuglen som syng flest tonar, får først kjærast? Dette er ei bok som egnar seg godt til høgtlesing og som inviterer lesaren til å atterskape dei ulike lydane frå skogen. 

Skrevet av Mariell. 



Tone og storebroren Daniel leikar saman heile sommaren, heilt fram til Ingeborg kjem på besøk. Dei spelar i korps, og det er Tone alt for liten til å bli med på.

Denne bildeboka handlar om å gjere alt ein kan for å få vera med, nokre gongar går det ikkje helt som ein hadde tenkt. Ei morosam historie om søsken, sjalusi og musikk.  

Skrevet av Mariell.



Grisungen oppdagar til sin store skrekk at han har rett hale! Det må være noko feil, alle grisar skal jo ha krøll på halen, kanskje trynet er tett? Eller manglar han D-vitamin? Kanskje om han kan skremme fram ei krøll? Men ingen ting hjelper. Kanskje han er berre er slik?

Men det nøyer ikkje grisungen seg med, han må ut å spørje dei andre dyra på garden om råd.  

Skrevet av Mariell. 



Bøkene om dei to sauane Bø og Bæ passer fint for dei yngste lesarane, vi har fleire av desse bøkene på biblioteket.

I denne boka er det vår, Bø og Bæ skal ut på sykkeltur med vennen deira Bo. Men stakkars Bo har blitt sjuk og kan ikkje vera med. Då må Bø og Bæ prøve å gjere noko fint for Bo, slik at han kan bli glad igjen.  

Skrevet av Mariell  



Ylva og pappa drar til øya der sommarhuset ligger og villgeitene bur. Leiaren for villgeitflokken, Svartskjegg, er litt skummel, syns Ylva. Men når ørna vil ta dei små geitekillingane, får Ylva hjelp frå uventa hald.

Boka er nydeleg illustrert av Akin Duzakin, og egnar seg både til å lese på eige hand og som høgtlesing på eit trygt fang.  

Skrevet av Adele.