Hopp til hovedinnhold

Der fire veier møtes

av Anne Merete Hegrenes — sist endret 2023-04-19T10:43:16+02:00
Det var aldri intensjonen til Tommi Kinnunen å gje ut Der fire veier møtes. Han var lei lektorjobben, tok eit skrivekurs og byrja å skrive på fritida. Heldigvis fekk eit forlag manuskriptet i hende, for dette er ein velskriven og krutsterk finsk roman.
Tommi Kinnunen

Der fire veier møtes

Pax, 2016, Norge
voksen

Der fire veier møtes er inspirert av Kinnunen si eiga slektshistorie, og kom til då Kinnunen bladde i gamle familieabum. Og nettopp vegar som møtast og kryssast er tema i debutromanen til finske Tommi Kinnunen. Sjølv kapitla i boka har vegnamn som “Ødemarksveien”, “Lengselssmuget” og ”Kustien”. Romanen vart utgitt på finsk 2014, og er til no gitt ut i 9 land. Den kom på norsk i 2016, omsett på aller beste måte av Turid Farbregd.

Der fire veier møtes er ein utradisjonell slektsroman, og historia blir skildra gjennom Maria, Lahja, Kaarina og Onni. Jordmora Maria fylgjer vi frå 1895 til 1955. Ei sterk og sjølvstendig kvinne som klarer å opparbeide seg truverd og tillit hjå bygdefolket, og som står med rak rygg då ho sjølve får born utanom ekteskap. I den neste sekvensen fylgjer vi Maria si dotter Lahja frå 1911 til 1977. Også Lahja får born utanom ekteskap, men sjølv om ho er like kraftfull som mora ynskjer ho ikkje å stå åleine, og gifter seg med Onni. Vidare les vi om Kaarina, Lahja og Onni si svigerdotter, og historia om henne byrjar i 1964. Då har ho allereie budd i “det gledesløse huset” med Johannes og svigermor Lahja i fire år, og vi får episodar frå hennar liv fram til 1996. I den siste sekvensen frå 1930 til 1959, er vi tett på Onni, ektemann til Lahja og svigerson til Maria. Onni sine handlingar og val pregar familien i stor grad, og det er nett difor det er historia om han vi får høyre til slutt.

Under andre verdskrigen må familien forlate hus og heim, og legge ut på ei nærast endelaus ferd på 600 km frå Kuusamo til Peräseinäjoki. Då dei etter krigen vender heim til bygda er det berre branntomter attende, og hus så vel som relasjonar må byggjast opp att. Onni som har vore i fronten heile krigen, vender heim som helt og startar oppbyggingsarbeidet. Han finn seg ikkje til rette, og med ynskje om å rømme frå eigne tankar, jobbar han utstanseleg.

Komposisjonen i denne romanen er uvanleg, men har ein nydeleg vri. Historia er bygd opp rundt hendingar i livet til desse fire menneska, og skildringa er rå og realistisk. Vi får innsikt gjennom ein slags minnebrønn der vi som lesar står på utsida og ser inn på små sekvensar i liva til personane. Den aller første episoden i romanen er satt til 1996, der Lahja ligg på dødsleiet på helsesenteret. Her får vi frampeik om kva som vil skje med personane i romanen, utan at det røpar noko som helst. I den siste episoden, rett etter at Lahja er død, møter vi Kaarina på loftet i familiehuset, og vi får svar på nokre av spørsmåla vi har stilt oss.

Utanfor familiehuset i Kuusamo møtes fire vegar i “Fireveiskrysset”. Men romanen handlar ikkje berre om vegar som møtes, men også om kvar vegar fører oss hen. Familien er kryssingspunktet i liva til desse fire personane, men sjølv om dei bur og lev i same hus, er dei også einsame. Dei lev til dels separate liv, snakkar ikkje saman og forstår ikkje kvarandre. Der fire veier møtes er ein roman om bevisste og ubevisste val, og om val som ikkje berre er avgjerande for einskildmennesket. Om korleis spor og minner blir svake og forsvinn, medan vegen ein har gått blir liggjande der for framtida.