Hopp til hovedinnhold

Eple. Ikon. Myte. Mat.

av Alf Kåre Blindheim — sist endret 2023-04-19T10:49:07+02:00
Epla er så sunne at medisinfabrikantane og apoteka verda over fryktar dei meir enn noko anna næringsmiddel: Kundane kjem ikkje.
Knut Bry; Øyvind Hånes; Kenneth Hansen

Eple

Gyldendal, 2007, Norge
voksen

Adam, Eva og eplet. Verdas mest berømte historie. Eplet har dermed alltid hatt ein unik posisjon i vår kultur. Det engelske ordtaket ”an apple a day keeps the doctor away” har ytterlegare styrka rolla.

Øyvind Hånes blei i 2005 innstilt til Nordisk Råds litteraturpris med romanen Pirolene i Benidorm. Men han har ikkje berre skreve god skjønnlitteratur. Si interesse for og kunnskap om mat og god drikke har resultert i fleire bøker i kokeboksjangeren. Med sprek og leken penn formidlar han fakta og kunnskap som ein sjeldan finn i denne typen bøker.

I 2007 kom boka Eple: Ikon. Myte. Mat. Med seg har han den kjende fotografen Knut Bry som gjer det til ei oppleving berre å bla seg gjennom boka. Kokkemeister Trond Moi har valgt ut ein del utsøkte epleoppskrifter.

”Fruktblomstringen – skaperverkets brudebukett”, heiter eit av kapitla. ”Vestlandet har fått tildelt et av naturens mest storslåtte stadionanlegg for fruktdyrking … og frukttrærne er pyntet med en kaskade av blomster i hvitt og rosa. Biene vimer omkring og blir kanon full på blomsterstøv under en knallblå himmel … Det glitrer en sølvdans i vannspeilet ute på fjorden. Vakrere kan verden nesten ikke bli i denne delen av solsystemet.”

Men Øyvind Hånes briljerer ikkje berre med metaforiske skildringar av fruktromantikken i Hardanger. Eplet si historie, bruken, nytten og ikkje minst respekten for å dyrka og ta vare på tradisjonar, er glimrande framstilt. Han stiller dessutan kritiske spørsmål til kvifor vi må importera så store kvanta eple når vi kunne produsert meir kortreist sjølve. Ein annan som stiller spørsmål til moderne fruktdyrking er Olav H. Hauge. I diktet ”Eg hogg ned den store apalen utfor glaset” beklagar han at Gartnerhallen ikkje tar i mot dei gamle, kjære og litt sure flaskeepla. Slik går den siste strofen:

Eg vil ikkje vera ved det, men eg saknar apalen.
Her er ikkje som fyrr. Han livde for vinden og gav
god skugge, soli glytte gjenom greinene inn
på bordet, og um nætene låg eg ofte og lydde
til susen i lauvet. Og dei Flaskeepli, det finst ikkje
betre eple ut på vårparten, dei har så fin krydda smak.
Det gjer ilt kvar gong eg ser stubben; når han er morken,
skal eg brjota han upp og slå han sund til ved.


Hånes kjem med eksempel på at slike eple likevel kan oppnå den høgste status: ”Kong Calvados. Mine damer og herrer, ta vel i mot Hans Majestet.” Små, sure, harde, bitre eple med skal tjukt som lær. ”Kan en slik piggtrådsperring av en frukt virkelig bli godt brennevin?” Dette eplebrennevinet frå Normandie vert nemd i same åndedrett som ekte Cognac og Champagne.

Og når forfattaren har henta fram sine beste årgangsmetaforar og slått om seg med velformulerte setningar, er det eplesideren som vert sjølve flaggskipet. Skildra slik i Olav H. Hauge sitt dikt ”Den gamle diktaren har laga eit vers”.

Den gamle diktaren har laga eit vers.
Og han er glad, glad som ei siderflaske
når ho um våren har sendt
ei buble frisk kolsyre upp
og er um å sprengja korken.


Denne boka til Øyvind Hånes har biblioteket plassert i kokebokhylla. Derfor avsluttar vi med to oppskrifter, eller vi nøyer oss med rettane som har fått poetiske namn:
Epleposjert kyllingfilet i Calvadossaus med basilikum.
Eplemarinert ribbe med karamelliserte eple.

Men for å få fram den optimale eplesmaken, må dyrkingsvilkåra balansera på ein knivsegg: Nok vatn og næring, men ikkje for mykje. Nok lys og varme, men ikkje for varmt. Og denne mirakelveksten lagar verdas beste eple innerst i dei norske Vestlandsfjordane.