Gud hjelpe barnet
Gud hjelpe barnet
Hennar siste roman, Gud signe barnet, kom ut på amerikansk i 2015, og som alle hennar romanar omhandlar den afroamerikansk kultur og historie. Dette er Morrison sin ellevte roman, og den fyrste som er satt i notid.
Hovudpersonen i Gud signe barnet, Lula Ann Bridewell, hadde allereie som nyfødt svært mørk hudfarge, og mora fortel at “huden hennes var lys som alle spedbarn, til og med afrikanske, men den skiftet raskt. Jeg trodde jeg skulle tørne da hun ble blåsvart rett for synet på meg”. Lula Ann er født av foreldre som trass i sine afroamerikanske gener, begge har hudfarge så lys at dei kan bli tatt for å vere kvite. Mora er skamfull over å ha fått ei dotter med hudfarge så svart som natta. Faren nektar å tru at bornet er hans, og forlet mor og barn.
Sweetness, som mora ironisk nok vil bli kalla, oppdrar Lula Ann svært strengt og kjølig, og viser henne aldri kjærleik, nærleik og varme. Ho meiner det viktigaste for dottera er å bli hardhuda, og ved å lære seg å ligge lavt og unngå trøbbel, vil ikkje hudfargen hennar skape vanskar sjølv om den er eit kors ho alltid kjem til å bære. Då Lula Ann går i andre klasse, blir ein lærar mistenkt for å ha misbrukt born seksuelt. Lula Ann ser dette som ein sjanse til å vinne mora si gunst, og i sin desperate lengt etter kroppskontakt og morskjærleik serverer ho ei løgn som sender ei uskuldig kvinne i fengsel.
Som vaksen kallar ho seg Bride, og er ei suksessrik og vakker ung kvinne. Den mørke huda har blitt ein vinst for henne snarare enn ei belasting. Ho haustar beundrande blikk kvar ho går, og menn er fascinerte og glupske. Då sambuaren Brooker reiser frå henne, tar han farvel med å seie at ho ikkje er den kvinna han vil ha. Bride svarar til si eiga overrasking “ikke jeg heller”, og dette startar ei rekkje underlege kroppslege fenomen hos henne. Ho kjenner seg forleten og utviska, og den fundamentale mangel på kjærleik i livet hennar kjem til overflata igjen og utløyser ei mental og fysisk reise.
I Gud signe barnet skiftar forteljarstemma, og vi møter hovudpersonen frå ulike synsvinklar. Sweetness, Brooker, Queen, Bride og Brooklyn gjev alle si stemme til historia. Ei historie om korleis barndom formar menneske, og om korleis traumer i barndomen vil fylgje ein gjennom livet. Romanen er sår og sterk, og innehar Morrison si karakteristiske melodiøse og kraftige røst.