Hopp til hovedinnhold

Rapportar frå havet

av Arild Ness sist endret 2022-09-21T13:03:02+02:00
Ein forfattar, ein kaptein og dottera deira Olina forlet hunden, kattane og det vanlege livet sitt og legg ut på eitt års reise på havet med seglbåten «Elle Melle».
Hildegunn Dale

Rapportar frå havet

Samlaget, 2019, Norge

Her fører dei skipslogg og tar notat. Rapportar frå havet er ei poetisk omarbeiding av notata frå reisa. Me får også glimt av Olinas eigne nedteikningar. Dette er ei historie med refleksjonar og tankar om kva som skjer når ein legg frå seg tid, stad og kvardagsliv, og finn ei ny byrjing. Hildegunn Dale er forfattar og redaktør og har tidlegare skreve fleire diktsamlingar. 

Omtalen er utarbeidd av BS. 

Boken er også tilgjengelig som ebok i Bookbites.