Hopp til hovedinnhold

Verden som var min. Sekstitallet.

av Alf Kåre Blindheim — sist endret 2023-04-19T13:33:55+02:00
Ketil Bjørnstads oppvekst i Oslo på sekstitalet.
Ketil Bjørnstad

Verden som var min. Sekstitallet

Aschehoug, 2015, Norge

Kan ein roman om sekstitalet ha relevans for dei som veks opp i dag?
Ketil Bjørnstad er åtte år då sekstitalet tar til. Han er på mange måtar svært veslevaksen, og forfattaren kan dermed fletta inn mange historiske hendingar og politiske diskusjonar, utan at det virkar malplassert. Dette gjer boka til ein interessant historietime, og for meg også ei nostalgisk reise tilbake i tid.

Å møta igjen «Kuppern», Khrutsjov, Kennedy, Gagarin og alle dei andre heltane og skurkane frå denne tida, er i seg sjølv ein lesefest. Bjørnstad er så tett på dei i sitt barnesinn, at dei blir som personlege venner. Samtidig trer han innimellom nokre steg tilbake og behandlar stoffet med ei meir distansert fortellarstemme. Romansyklusen er slett ikkje ei etterlikning av Knausgård.

Men han er også dønn ærleg. Fedmeproblema ligg og ulmer gjennom heile barndommen. Sjølbildet synke til eit lavmål og styrer livet. Ein skulle tru at det musikalske talentet ville oppheva langt på veg desse problema, men sjøltilliten på dei kvite og svarte tangentane er sånn passe.

Pianoet blir likevel på mange måtar det viktige i livet. Han droppar gymnas og vidare utdanning, og konsentrerer seg om pianospeling og franske filmar. Han viser etter kvart at det finnes ein veg til kultureliten utanom dei formelle stiane. Er viljen og lysta stor nok kan målet bli nådd, sjøl med berre Steiner-grunnskule. Kanskje det er her dagens relevans ligg?