Hopp til hovedinnhold

Les nynorsk! Boktips til nynorskdagen

Nynorskdagen feirast kvart år den 12. mai. Her kjem eit knippe boktips på nynorsk som vi håpar kan freiste.

For vaksne

11 % av Maren Uthaug

Spennande og fantasifull bok om ei framtidsverd utan menn. Men kva skjer når ein gut, forkledd som jente, går fritt rundt? Når blir testosteronnivået såpass høgt at det kan utgjere ei fare for omverda? Lån boka her.

Tips frå Sara.

Morgon og kveld av Jon Fosse

I denne vakre romanen møter me fiskaren Johannes den dagen han kjem til verda, og den dagen han forlet ho. I eit undrande, fabulerande og poetisk språk møter me livet han har levd i små glimt og forteljingar. Ein av dei vakraste romanene eg har lese. Lån boka her.

Tips frå Hildebjørg.

Mi briljante venninne av Elena Ferrante

Første bok i den fengslande Napoli-kvartetten, ein serie om to kvinners oppvekst i 60-talets Napoli og deretter om korleis liva deira blir som vaksne. Romanen har eit rikt og fascinerande persongalleri, og den interessante relasjonen mellom dei to venninnene er skildra med djupne og klokskap. Omsettar Kristin Sørsdal har motteke fleire prisar for arbeidet sitt med å gi forteljinga ei vakker nynorsk språkdrakt. Lån boka her.

Tips frå Selma.

For unge

Før det blir morgon av Aina Basso

Josefa finn seg godt til rette som tenestejente på storgarden Li, sjølv om ho berre er 15 år og saknet etter familien er stort. Men kvifor vil ingen snakke om kva som hende med Johanne, ho Josefa overtok plassen etter? Det ligg noko illevarslande og ulmer under overflata. Basso er historikar, og flettar inn gamle skikkar, overtru, segner og kvardagsliv i skildringane frå livet som ung på 1700-talet. Lån boka her

Tips frå Anne.

Sytten, snart atten av Andrea Rudland Haave

Via ein datingapp treffer Mia ein kjekk og erfaren, litt eldre fyr. Han likar at Mia er ung, litt usikker og einsam, og elskar at ho skriv dikt. Mia kastar seg sanselaust raskt inn i livet og leilegheita hans. Ein får fort kjensla av at noko skurrar med framferda hans. Er Mia for altoppslukande forelska til å ta inn over seg det destruktive i forholdet deira? Lån boka her. 

Tips frå Anne.

Pass dine eigne saker av Ingelin Røssland

Ida blir heilt sjokka då ho møter att bestevenninna Pernille etter å ha vore på sommarferie. Pernille har fått platinablondt hår og går med tronge toppar, og ho vil helst henge med dei grufulle dronningane i klassen. Galnare blir det når Pia oppdager korleis Pernille har råd til dyre merkeklær, sminke og drikke til fest: Pernille sel brukte truser til eldre menn på nett! Lån boka her. 

Tips frå Anne.

For barn

Mamma på dass av Anders Totland

Foreldra til Ella og Omar er strenge på å halde aldersgrensa på SoMe. Derfor kjem det som eit sjokk når dei vaknar opp på bursdagen sin og ser at dei same foreldra har hatt null grenser når det gjeld å eksponere dei, sine eigne barn på dei same plattformane. Verst er likevel mor til Ella, eller Miss Kardashian Norway som ho kallar seg på nett. For å lære ho ei lekse starter Ella og Omar kontoen Mamma på dass. Lån boka her. 

Tips frå Elisabeth.

Som ein bror av Alfred Fidjestøl

På åttitalet kjende alle barn i Noreg sjimpansen Julius, men for barna i to familiar på Sørlandet var han langt meir enn ein sjarmerande karakter frå Barne-TV. I denne nydelege biografien fortel Fidjestøl livshistoria til Julius illustrert med bilde frå fotoalbuma til familiane Glad og Moseid. Lån boka her. 

Tips frå Elisabeth.

Arkimedes og appelsinskrellaren av Hans Sande, illustrert av Skinkeape  

Katten Arkimedes bur med Evreka som er skuleelev og Pappa som er oppfinnar. Pappa sine oppfinningar er ofte litt på sida av det ein eigentleg treng. Denne gongen vil han sleppe å skrelle appelsinar for Evreka, men oppfinninga som skal løyse dette er litt vel ivrig. Lån boka her.

Tips frå Elisabeth.