Hopp til hovedinnhold
av EON sist endret 2023-10-16T13:42:34+02:00
Så er de her igjen, vestlandsdebutantene! Først skal vi bli nærmere kjent med to nye tonefall. Møt de unge lyrikerne Marianne Clementine og Siw-Anita Kirketeig.

Marianne Clementine Håheim

Født 1977, aktuell med diktsamlingen Bilydar på Oktober forlag.

1. Gratulerer med utgivelsen! Kan du gi en kort beskrivelse av boken?

Bilydar er ei diktsamling som handlar om møte og relasjonar mellom menneske, på godt og vondt. Fleire av tekstane omhandlar også kommunikasjon og det å leite og lengte etter språk. Det er ei nær diktsamling som eg håpar dei aller fleste vil kunne ha glede av.

2. Kan du fortelle litt om prosessen frem til ferdig bok?
Eg var så heldig å få positivt svar frå forlaget Oktober då eg sendte dei eit slags manus for over to år sidan. Sidan den gong har eg arbeidd tett med to ulike redaktørar for å gjere ein noko rotete haug med tekstar til ei bok. Eg har både redigert og skrive mykje nytt, og resultatet har blitt noko heilt anna enn den opphavlege papirbunken, men eg føler ikkje at noko har gått tapt.

3. Hvordan har det vært å slippe teksten ut i verden og vite at den vil bli lest av kjente og ukjente?
Det er heilt fantastisk! Eiga bok har jo alltid vore draumen. Eg smiler framleis ved tanken på at boka mi finst der ute, lausrive frå min kontroll, og at kven som helst kan lese henne.

4. Hvilke forventninger hadde du til det å debutere?
Eg veit i alle fall at forventningane mine har blitt innfridd, og vel så det. Boka har fått mykje meir merksemd enn eg hadde våga å håpe på, og responsen frå både familie, venner og ukjende har vore overveldande god. Heilt ærleg hadde eg vore nøgd med ein vellukka sleppfest og ei notis i lokalavisa.

5. Hva skal du bruke honoraret til?
Honoraret ryk med til rekningar, livsopphald, konsertar og kanskje ei svanetatovering.

6. Kan du anbefale fem bøker og si litt om hver tittel?

Århundrets kjærlighetssaga av Märta Tikkanen er min favoritt blant diktsamlingar. Denne traff meg rett i hjartet for mange år sidan, og gjer det framleis. Av henne har eg lært at ein kan skrive enkelt, ærleg og nært utan at det blir enkelt eller mistar relevans.

Ronja Røverdatter av Astrid Lindgren lærte meg mykje om mot, vennskap og familie då eg var lita, og står framleis til inspirasjon i bokhylla.

Extremely Loud and Incredibly Close av Jonathan Safran Foer er eit kunstverk av ei bok som eg aldri kjem til å bli lei.

The Curious Incident of the Dog in the Night-Time av Mark Haddon er eit mordmysterium av den kloke og morosame sorten.

Fight Club av Chuck Palahniuk er eit valdeleg meisterverk som handlar om å miste og finne seg sjølv på same tid.

7. Hva har biblioteket som institusjon betydd for deg?
BOB har betydd mykje for meg, ettersom eg var så heldig å få arbeide der i fleire år medan eg studerte i Bergen. Det er til dags dato den koselegaste arbeidsplassen eg har hatt (hei, Alf Kåre!). Biblioteket som institusjon har alltid vore viktig for å stille leselysta mi, spesielt då eg var ung i ein liten kommune,  utan talent for verken sport eller korps.

 


kirketeig

Siw Anita Kirketeig

Født 1988, aktuell med diktsamlingen Alt kjød er grønt gras på Samlaget.

1. Gratulerer med utgivelsen! Kan du gi en kort beskrivelse av boken?
Boka er ein diktsyklus som dreier rundt ei tapserfaring, der denne tapserfaringa blir eit utgangspunkt for å utforske spørsmål som er knytte til kroppen, naturen, døden, tru og ikkje-tru.

2. Kan du fortelle litt om prosessen frem til ferdig bok?

I to år skreiv eg på ein tekst eg trudde skulle bli ein roman, om dreier rundt ei tapserfaring, der denne tapserfaringa blir eit utgangspunkt for å utforske spørsmål sommen eg fekk ikkje teksten til å bli slik eg ville, og i lengre periodar klarte eg ikkje skrive noko. Det var først då eg gav slipp på forma, og ikkje lenger brydde meg om det var prosa eller lyrikk, at eg fekk til å skrive igjen, og i løpet av to-tre månadar var romanteksten blitt til eit diktmanus. Deretter sendte eg manuset til forlag, vart antatt, og arbeidde med det i eitt år, med tilbakemeldingar frå redaktør og konsulent.

3. Hvordan har det vært å slippe teksten ut i verden og vite at den vil bli lest av kjente og ukjente?
I skrivande stund er boka framleis i trykken og har endå ikkje blitt slept ut i verda, men det er både ein fin og skremmande tanke.

4. Hvilke forventninger har du til det å debutere?
Eg har ikkje så store forventningar. Eg håper eg har skrive ei bok nokon kan få lyst til å lese. Og eg håper eg får nokre anmeldelser.

5. Hva skal du bruke honoraret til?
Eg skal kjøpe meg ein ny pc, og ein bunke med bøker. Resten av pengane blir investert i skrivetid.

6. Kan du anbefale fem bøker og si litt om hver tittel?
Eg vel fem diktsamlingar som eg stadig vender tilbake til, og heller enn å fortelje om dei, vil eg la dei tale sjølve ved å sitere eit dikt frå kvar.

Vilde Heggem: Hvis trærne

hvis fuglene | hvis trærne | hvis jeg |                    | [  ]   [ ] =           | jeg er piken
 
mellom to søstre | jeg skriver en liste over alt det jeg ikke kan si
 

Ann Jäderlund: I en cylinder av vattnet i vattengråt: (1967-78)

Sexuellt fanns blusen i
nylon i depåer volang
med en mans hud med
en mans tumme i själva
huden volang släta vita
ljud papiljotter depåer
vitrosa tunga ljud vem du

Kristin Berget: Der ganze weg

lange rekker av mennesker og dyr
dyr og mennesker
gud er et ord
i en himmel som blir stadig
mørkere

Yngve Pedersen: Lysning forelder

Vide egn, der elvestrøm er under all egn. Som blodfrø. Og sødme.
Og avling. Der ut fra springer, springer den åre i det hele. Og synt
kan man se, det hele i det hele. Og samfunn, du samfunn, kryper
så stille i den jord.
Du jord!

Kristine Næss: Obladi

Obladi. Oblada.
Ut av lysets hule.
To lår i sengen er sammen i blikket.
Synet er smykket. Et segl er satt.
Obladi. Oblada. Hun er tre år.
I sengen har hun to lår.
Det er åpenbart.

7. Hva har biblioteket som institusjon betydd for deg?
Biblioteket har vore viktig, der leita eg meg fram til mange av bøkene som tidleg vart veldig viktige for meg, der fann eg bøkene som viste meg kva ein tekst kan vere, og korleis språket kan vere fridom.