Hopp til hovedinnhold
av EON sist endret 2023-10-16T13:42:35+02:00
Her er de, Vestlandets nye representanter på parnasset. Denne gangen skal vi bli bedre kjent med to nye lyrikere, nemlig Charlotte Riise fra Ålesund og Mona Vetrhus fra Kvinnherad.

Mona Vetrhus

født 1976, aktuell med diktsamlingen Nokre gutar kjem ikkje heim i kveld på Oktober forlag.

1. Gratulerer med utgivelsen! Kan du gi en kort beskrivelse av boken?
Boka handlar om kva som skjer med ei jente når unge gutar rundt ho døyr. I dikta finst ei lita bygd mellom sjø og bratte fjell, der ørn, hjort og viking ferdast i same natur som leikande ungar, og der gutar køyrer i fjorden. Vennskap, gryande forelsking og ung død er viktige tema i boka. Lesaren møter ei jente som har tilbakevendande mareritt. Ho er på veg inn i si eiga verd, der gutane framleis går rundt nede på djupet, og redsla for at fleire skal forsvinna blir ein del av kvardagen.


2. Kan du fortelle litt om prosessen frem til ferdig bok?mona vetrhus

For ti år sidan hadde eg eit diktskjelett som eg dreiv å spikka på, kutta fliser av. Og så, på Forfattarstudiet, i løpet av tre intensive skrivedøgn då alle andre reiste heim før jul, fekk skjelettet lepper og lunger så det kunne plystra litt. Etterkvart fekk eg jobb i NRK, då blei det mindre tid til skriving nokre år, men eg kikka no på det, og ein dag tok eg mot til meg og skreiv Oktober forlag på ein konvolutt. Det førte til femti ark utover golvet og nye strekar som skulle dragast. Eg er veldig takknemleg for oppfølginga eg har fått frå forlaget undervegs.

3. Hvordan har det vært å slippe teksten ut i verden og vite at den vil bli lest av kjente og ukjente?
Boka har stranda hos trykkeriet som dessverre har gått konkurs, så eg veit ikkje endå. Den skulle vore her for 14 dagar sidan, så i første omgong håper eg berre boka kjem. Snart går eg over fjellet og hentar dei 1800 eksemplara sjølv. Bil har eg ikkje, så det blir fjellsko, ryggsekk og firkløver, trur eg, kanskje kvikklunsj. 

4. Hvilke forventninger hadde du til det å debutere?
Eg gler meg til boka kjem til biblioteket og bokhandelen, og håper at nokon vil lesa. Om einkvan kjenner seg igjen og får noko ut av boka blir eg veldig glad. 

5. Hva skal du bruke honoraret til?
Eg tenker å starta på ei ny bok, då kjem det godt med. Og kan hende blir det ein ny, raud kjole til lanseringsfesten no. Pluss litt eplesider.

6. Kan du anbefale fem bøker og si litt om hver tittel?
På toppen av hovudet: Olav H. Hauge sine Dikt i samling. Han er ein favoritt. Konkrete dikt som seier det heilt enkle, og samstundes noko universelt, om livet, døden og lengten. 

  • Agota Kristof: Le grand cahier. Ei forstyrrande og skummelt god bok som må lesast.  
  • Roland Barthes: Le plaisir du texte. Entusiasme, lysten ved teksten, rett og slett. Å finna glipene som gir eit lite innsyn.
  • Tarjei Vesaas: Is-slottet. Ei fantastisk lesaroppleving om to unge jenter, deira forhold og forsvinning.
  • Jon Fosse sine samla dikt. Dei kjenner eg meg så heime i, godt mogleg fordi dei handlar om Hardanger, men også fordi desse dikta, som Hauge sine, er både nære og store på same tid.

Men òg Georg Johannesen, Inger Christensen, Tomas Espedal, Eldrid Lunden, Sissel Solbjørg Bjugn, Raymond Carver, Lars Amund Vaage, Carl Frode Tiller, å, det er så mange fleire eg vil nevna når vi først er i gong!

7. Hva har biblioteket som institusjon betydd for deg?
Biblioteket er ei lukke, der kan eg plukka med 20 bøker til den blå sykkelveska utan at det kostar ei krone. Det er magisk. Og Bergen Bibliotek er ein fin stad å berre sitja, skriva eit dikt, strekka på beina medan ein kikkar ut gjennom dei høge, lyse vindauga.

 

Charlotte Riise

født 1987, aktuell med diktsamlingen Eg treng tid til å sakna deg på Gyldendal forlag.

1. Gratulerer med utgivelsen! Kan du gi en kort beskrivelse av boken?
Takk! Boka mi er mange dikt som til saman blir ei fragmentert fortelling om to systrer. Eg skriv om lillesyster sitt sakn og kjærleik for ei eldre syster, om minner og tid, og om kjærleik til andre i familien. 

2. Kan du fortelle litt om prosessen frem til ferdig bok?
Det er veldig rart å sjå den lille boka mi (for ho er jo lita) og vite at det er 2 år med arbeid bak. Da eg jobba med tekstane tenkte eg aldri bok, eg tenkte ikkje så mykje, eg berre skreiv fordi det var eit eller anna der. Da eg såg at mange av tekstane prøvde å seie noko om dei samme menneska, bestemte eg meg for bok. Det tok tid før eg sende til forlag, og eg trudde ikkje eigentleg at boka var 'sann' før eg satt med ho i handa.

3. Hvordan har det vært å slippe teksten ut i verden og vite at den vil bli lest av kjente og ukjente?
Veldig fint! Tenk at nokon les mine tekstar. Samstundes vanskeleg; eg kjende på ein slags tomheit etter eg var ferdig.

charlotte riise

4. Hvilke forventninger har du til det å debutere?
Ærleg: Dei var lave. Sjølvsagt gleda eg meg, men eg har på mange måtar følt meg distansert frå det heile. Eg hadde ikkje venta å få omtale eller at folk eg møter skulle vere interessert i boka. Eg håpar det held fram slik. 

5. Hva skal du bruke honoraret til?
Da eg fekk honoraret mitt, stod det på konto i nokre dagar utan at eg visste om det. Eg gjekk inn i nettbanken seint ein kveld og håpte studielånet var kommet inn på konto, magisk, nokre dagar for tidleg. Der stod i staden honoraret mitt og det første eg gjorde var å bestille ein tur til Paris. 

6. Kan du anbefale fem bøker og si litt om hver tittel?
Eg har tre! 

Sara Stridsberg: Drömfakulteten.

Sara Stridsberg er ein av mine favorittar. Ho skriv så forbanna rått og vondt og poetisk om dei heilt jævlige tinga. Denne boka er fantasi-tankar om korleis livet til Valerie Solanas var, ho som skaut Warhol og skreiv eit heilt ekstremt feministisk manifest. Også må ein jo lese Darling River, òg. 

Anne Carson: Autobiography of Red.

Ei spesiell diktsamling med utgangspunkt i gresk mytologi. Anne Carson er ei av desse som gir meg lyst til å skrive, og eg las denne da eg skreiv boka mi. 

Claude Royet-Journoud: Dei fire titlene som foreligg på norsk.

Fransk poet eg forelska meg i under Audiaturfestivalen 2009. Eg føler at poesien hans på mange måter er litt ubeskriveleg, men om eg skal seie noko, må det vere at den er svært konkret, taktil og at den opnar for ganske mange fine bilete.

7. Hva har biblioteket som institusjon betydd for deg?
Mykje! Eg har brukt biblioteket sidan eg fekk mitt første lånekort. Eg elskar å lese, har gjort det så lenge eg kan hugsa, og for meg har biblioteket vore ein unik moglegheit til å oppdage ny litteratur.