Hopp til hovedinnhold
av EON sist endret 2021-09-20T14:36:58+02:00
Sivert N. Nesbø debuterer i disse dager med romanen Skårgangar. Les høstens andre debutantintervju her.

Sivert N. Nesbø er født i 1982 og kommer fra Førde. Nå bor han på Laksevåg. Nesbø har mange jern i ilden og er blant annet medredaktør for litteraturtidsskriftet Ir. Hans debutroman Skårgangar (Cappelen Damm) har allerede fått gode kritikker. 

Gratulerer med utgivelsen! Kan du gi en kort beskrivelse av boken?

Takk! Skårgangar er ein roman om å ha noko som ein ikkje veit om ein vil få gitt vidare. Boka består av fem avdelingar, og lét fem forteljarar komme til orde. Tittelen fann eg hos Melville. Han beskriv kvalar som beitar på havoverflata, og skriv at det liknar skårgangar.

Kan du fortelle litt om prosessen frem til ferdig bok?

No har eg sjølv barn og bur på Laksevågsida av Puddefjorden. Her beslutta Bergen kommune for nokre år sidan å legge ned det lokale biblioteket - etter 120 års drift. Det er ei skam som bør martre dåverande byråd i det hinsidige.

Eg har skrive på boka i fire år, og sendte eit utkast til redaktøren min i september i fjor. Før dette hadde boka vore så godt som ferdig fleire gonger, men stoffet låg ikkje heilt riktig. Etter at eg sendte det inn, gjekk det imidlertid raskt, og boka vart ferdig etter nokre rundar fram og tilbake. 

Hvordan har det vært å slippe teksten ut i verden og vite at den vil bli lest av kjente og ukjente?

Ein av dei første dagane etter at Skårgangar var ute, avskreiv ei lita lokalavis boka som tung, seig og humørlaus. Det gjorde meg ingen ting, for meldinga var prega av frykteleg dårleg lesning, eg hadde faktisk aldri høyrt om avisa før, og eg fekk uansett terningskast fire. Det var imidlertid ei grei erfaring å gjere seg, dette å oppleve at dårleg kritikk ikkje rørte meg så mykje. Fagleg funderte dårlege meldingar har imidlertid sikkert ein anna verknad, sjølv om det verste nok er å ikkje verte meld i det heile. Men resepsjon er til sjuande og sist berre ein ting. Det viktigaste er at boka finst.

Skriver du deg opp mot bestemte litterære tradisjoner?

Det er eit godt spørsmål. Eg er ein frykteleg analytisk person, og det er synd, ettersom eg òg er ein dårleg tenkar. Eg skriv meg ikkje opp mot bestemte litterære tradisjonar, men eg har vore fascinert av det Fosse skriv om skrivaren, og samstundes av om det er mogleg å la skrivaren sin tvil vere synleg i teksten, å la tvilen halde fram med å vere synleg, sjølv om prosaen som sådan framstår som einskapleg og fullført. Eg kjem forøvrig frå ein familie som legg vekt på den munnlege forteljartradisjon, og det som er iaugefallande i den samanhengen, er at det verkar som om det er forteljaren, snarare enn det fortalte, som er forteljinga sitt eigentlege anliggande. Gjennom å fortelje om andre, kjem forteljaren sjølv til syne, han betonar seg sjølv gjennom språk, slik at forteljaren på sett og vis er sitt eige materiale, også når han fortel om noko eller nokon som er utanfor og større enn seg sjølv. 

Til hvilke oppbyggelige formål skal du bruke honoraret?

Øl, snus og brød.


Kan du anbefale fem bøker og si en setning eller to om hver tittel?

William Faulkner: Big Woods. I mine auge Faulkners mest underkjente. Kortare historier om endring og modernitet, eit jaktlag, ein ung  gut og ein stor bjørn. Det høyres tynt ut, men det som gjer boka så monumental er dei innskotne, kursiverte draga som vever jakthistoriene saman, på umiskjenneleg Faulkner-manér, der Mississipi vert dradd opp ifrå bomullen, søla, regnet og jorda. Når eg les The Bear blir eg minna om første gangen eg las Faulkner, det var As I Lay Dying, eg hadde aldri sett noko som likna før, det var så sterkt, kaotisk og menneskeleg, og eg tenkte: Er dette lov?

Jeppe Brixvold: Hæfte. Ei vandring langs landevegen mot Santiago de Compostela vert utgangspunkt for nedteikningar og betraktningar som på sitt beste er livsforrykkande. Brixvold er ein av våre sterkaste no om dagen.

Peter Handke: Smertens kineser. Handke skriv lysande og klart, med urovekkande samanstillingar av ulike betraktningar, omgrep og fenomen, gjerne innanfor ei og same setning. Smertens kineser er ei underleg forteljing om eit drap på eit fjell, og rører seg heile tida rundt begrepet tersklar.

Thure Erik Lund: Myrbråtentetralogien. Lunds vilje og villskap! Lund skriv dessutan fram eit landskap som ingen andre forfattarar berører: skråninga nedunder motorvegen, og småskogen der nede, bilsuset, kveldsmørket, vandringa fra Drammenstraktene og oppover mot Modum, tåka, det gulbrune lyset. Og samtidig: skrotløkkene og jernbanetomtene.  

Jon Fosse: Melancholia I & II. Fosse maktar så uendeleg mykje med desse to bøkene. 

Hva har biblioteket som institusjon betydd for deg?

Biblioteket i Førde, der eg gjekk då eg var liten, har antakelegvis hatt alt å seie for at eg i det heile har eit hovud, eller eit hjarte, for den del. Eg blir så lett panegyrisk når eg tenkjer på biblioteket, men det er det ypperste av det vi har greidd å bringe fram i dette landet. For ikkje å snakke om kva betydning det har for ungar å vere i rom med opphopningar av bøker. No har eg sjølv barn og bur på Laksevågsida av Puddefjorden. Her beslutta Bergen kommune for nokre år sidan å legge ned det lokale biblioteket - etter 120 års drift. Det er ei skam som bør martre dåverande byråd i det hinsidige.