Hopp til hovedinnhold
av EON sist endret 2019-05-07T08:32:53+02:00
Veronika Erstad frå Rosendal debuterer med diktsamlinga "Eg er så nær morgonen eg kan komme" på Samlaget. Les årets første debutantintervju her.

Gratulerer med utgivinga! Kan du gi ein kort skildring av boka?

I denne samlinga blir vi tekne med til eit draumeaktig landskap der ei enkel scene blir etablert: to hus i ein skog ved havet, og to naboar. Grensene mellom årstider, dyre- og menneskeliv, draum og røyndom er flytande, ord og setningar blir brotne ned og bygde opp på nye måtar. Gjennom variasjonar, speglingar og brotstykke blir det skapt ei uro og eit intenst nærvær.

Kan du fortelje litt om prosessen fram til ferdig bok?

Eg begynte å skrive på diktsamlinga mens eg gjekk på forfattarstudiet i Tromsø i 2011. For to år sidan byrja eg samarbeidet med redaktøren på Samlaget. Det har vore mange nødvendige omvegar fram mot ferdig bok.

Korleis trur du det blir å sleppe teksten ut i verda og vite at ho blir lest av kjende og ukjende?

Det er både veldig spennande og litt skummelt. Mest spennande. Det viktigaste i prosessen med redaktøren har vore at han har vist interesse for å lese det eg har skrive. Det kjennast viktig. Skrivearbeidet må kjennast viktig

Kva forventningar har du til det å debutere?

Det er vanskeleg å seie. Eg syns framleis at det er surrealistisk at boka faktisk fins. Sidan eg enno ikkje har ho i handa. Det viktigaste har kanskje vore å skrive boka, men eg er sjølvsagt spent på korleis boka blir mottatt, om ho blir lagt merke til. Generelt syns eg det er ganske stor interesse for debutantar.

Du har gått på to skriveskular, i Bø og i Tromsø, kva har dette betydd for deg?

Skriveskulene har betydd veldig mykje. Etter å ha gått i Tromsø har vi ei skrivegruppe, Ordknapp, som møtast jamnleg og leser tekst. Det har vore viktig å få tilbakemelding, å kunne fortsetje å lese dei andre sine prosjekt, og kunne diskutere skriving generelt. Kjempeviktig!

Kva skal du bruke honoraret til?

Bananar, te, vaskemiddel, pasta, pesto, yoghurt, kaffi, knekkebrød, ost, egg (12 pk), bacon, broccoli, squash, søtpotet, graskar, ingefær, chilli, koriander, kvitlauk, potet, gulrøtter, kanel, havregryn, fennikel, dopapir, creme fraiche.

Vil du tilrå fem bøker og seie eit par setningar om kvar tittel?

Fekk denne boka anbefalt av Rune Christiansen i Bø i 2007. Sidan den gang har ho blitt ei forfattar eg les igjen og igjen.

Eit energisk, levande språk. Utruleg vakker bok.

Alle bøkene til Cathrine Knudsen er gode. Alle er særeigne, har eit språk som vibrerer, eit språk til å bli misunneleg på. Det er fint det. Litt misunnelse.

Poetisk prosa. Særeigent språk er kanskje eit kjenneteikn på bøker eg likar.

Vakre, kloke, fantastiske essay.

Kva har biblioteket som institusjon betydd for deg?

Eg har heilt sidan barneskulen brukt biblioteket mykje. Først var det bokbussen. Då eg flytta heimefrå og fekk e-post frå pappa, var det med ei helsing frå dei på bokbussen. Biblioteket i Bergen er kjempefint. Det betyr mykje å kunne låne bøker og ha dei heime, ha dei rundt meg på skrivebordet, sjølv dei eg ikkje kjem så langt at eg les. Eg hadde aldri hatt råd til å kjøpe alle dei bøkene eg lånar på biblioteket.