Hopp til hovedinnhold
av EON sist endret 2021-09-20T14:30:23+02:00
Gjennom poetiske korttekster og egne foto skildrer Siri Økland livet slik det ser ut når man vet at man skal dø av sykdom, i den vakre og gripende boken "Det står til liv". Les høstens første debutantintervju.

Gratulerer med utgivelsen! Kan du gi en kort beskrivelse av boken?

Takk for det! Boka handlar om livet når ein veit at ein skal døy før tida. Det er ei samling med kortprosa og foto, der kvar tekst får plass på ei side, og det til kvar tekst står eit bilde eg har tatt sjølv. Dei små tekstane er avslutta og sjølvstendige, men til saman rissar dei opp ei historie. I denne historia finst det ei kvinne som får kreft, og etter kvart får ho vita at ho ikkje blir frisk igjen.

Hva er bakgrunnen din?

Eg er utdanna litteraturvitar, og har jobba mange år som kulturjournalist i Bergens Tidende. På grunn av sjukdom jobbar eg lite for tida, men er så heldig å ha ein ledig plass på desken i BT når eg er i god nok form.

Kan du fortelle litt om prosessen frem til ferdig bok?

Eg blei invitert til å gi ut bok fordi forlaget oppdaga nokon tekstar dei likte som eg hadde lagt ut på Instagram. For to år sidan fekk eg eit spontant og overraskande uttrykksbehov som resulterte i korte tekstar og kraftig skriveglede. Desse tekstane valde eg å publisera fortløpande på ein konto eg oppretta til akkurat dette prosjektet. Tanken med å kombinera tekst og bilde har vore å utvida rommet for tekstane, enten bilda understreker ei stemning eller skaper eit brot. I arbeidet med boka har eg skrive meir og omarbeidd materialet frå Instagram.

Hvilke forventninger hadde du til det å debutere?

No har eg gjort så godt eg kunne, og det som skjer, det skjer, tenkte eg då boka var gått i trykken. Eg veit kor mange det er om beinet, så eg tok ikkje noko for gitt med tanke på publisitet eller bokmeldingar. På den andre sida – eg hadde tru på boka mi. Alt i alt kjennest det som eit privilegium å få lov til å uttrykka seg i bokform, eg er jo så glad i bøker sjølv. At boka allereie har funne fram til folk, er eg svært takksam for.

Kan du anbefale fem bøker og si litt om hver tittel?

Arv og miljø av Vigdis Hjorth er relevant for alle som har familie. Romanen har mange dimensjonar, og for meg var den ekstra klok med sine refleksjonar om skyld, tap, sorg og forsoning. Om eg hugsar rett, blir det sagt noko slikt som «Viss offer og overgripar møtest på midten, har offeret gått lengst».

Den ferske romanen til Thorvald Steen er fin. Det hvite badehuset handlar om ein som leitar etter kunnskap om sin eigen bakgrunn, som han ved eit tilfelle oppdagar at foreldra har halde hemmeleg for han. Det er gripande kor raus hovudpersonen er i sin respekt for moras manglande samarbeid. Andre – meg sjølv inkludert – ville truleg pressa hardare på for å få vita meir mens det enno var tid. Løyndomen rører ved heile hans identitet, så det må truleg ligga års trening i aksept for å stå imot.

Svar på brev frå Helga av Bergsveinn Birgisson fordi den ikkje liknar på noko anna eg har lese. Ein svært så sanseleg roman om kjærleiken som ikkje blei, lagt til eit Island eg veit eg elskar sjølv utan å ha vore der.

Fotoboka Brother | Sister av Elin Høyland dokumenterer heimane til to eldre barnlause søsken som har budd aleine i kvar sitt nabohus på Jæren. Han i det gamle våningshuset på garden som fjerde generasjon bonde, ho i eit typehus ho fekk bygd på 70-talet etter først å ha levd med broren. No er søstera død, og broren ser etter huset hennar. Eg blir aldri lei av å sjå korleis folk lever og bur, kva dei omgir seg med, måten dei innrettar seg på. I boka er det også med ei novelle som Gaute Heivoll har skrive basert på bilda.

Daniel Mendelsohns Forsvunnet (eller The Lost, som originalen heiter) las eg sakte gjennom ein heil ferie i Berlin og gamle Aust-Tyskland. Den handlar om forfattarens lange reise for å finna ut kva som skjedde med seks familiemedlemmar som blei tatt av nazistane. Boka dukka opp hos meg på ny fordi eg gler meg langt inn i lesemuskelen til å ta fatt på den splitter nye boka til Mendelsohn, En odyssé (An Odyssey).

Hva har biblioteket som institusjon betydd for deg?

Eg har vakse opp på bibliotek, og las omtrent alle bøkene på barneavdelinga på Stord folkebibliotek. Eg var forelska ikkje berre i bøkene, men også i alle rekvisittane. Slikt som datokortet i lomma bakerst i boka. Bibliotekarens penn med datostempelet festa i ein bøyel slik at ho berre trong å gjera eit lite kniks med handleddet, så hadde ho stempla kortet mitt. Typografien og det ru papiret på dei okergule og grøne bokmerka. I Bergen blei eg forelska i UB. Dei kunne hjelpa meg med alt. Tilfellet gjorde at eg studerte på langs av den teknologiske utviklinga frå kortkartotek og mikrofiche via enkel datateknologi til stadig meir digitalisering. I arbeidet med hovudoppgåva snurra og las eg meg gjennom uendelege lengder mikrofilm av gamle aviser på leit etter bokmeldingar skrivne av Hans E. Kinck. Toppen av lykke og ærefrykt var då eg drog til handskriftsamlinga på UB i Oslo. Der måtte eg bokstaveleg talt tørka støv av eskene som husa Kincks etterlatne papir. Då eg på 90-talet gjekk gjennom dei for å leita vidare etter bokmeldingar i hans eige klipparkiv, såg ikkje eskene ut til å ha vore opna sidan Edvard Beyer disputerte på Kinck på 50-talet. Det har vel i grunnen gått ein bibliotekar tapt i meg.