Hopp til hovedinnhold
av EON sist endret 2021-09-20T13:28:17+01:00
Sondre H. Bjørgum (f. 1980) fra Hardanger debuterte tidligere i høst med "Fyrste gong me møtest som snø". Les høstens andre debutantintervju.

Gratulerer med utgivelsen! Kan du gi en kort beskrivelse av boken?

Diktsamlinga handlar om det eine minutet før ein treff den ein vonar skal vera den rette. 60 sekundar. 60 tankar. 60 dikt. Boka er ei nedteljing. Midt i boka skulle eg ynskt at ho eg skal møta har bruk for meg. At eg kan vera helten i hennar liv. Difor skriv eg ho inn i fare. Boka vert so ein krimhistorie på slutten av 30-talet der unge jenter vert funne drept med ei bunadsnål tredd gjennom halsen

Hva er bakgrunnen din?

Eg arbeider som dokumentarfilmregissør og har blant anna laga film om komponisten Geirr Tveitt og to filmar om poeten Triztan Vindtorn.

Kan du fortelle litt om prosessen frem til ferdig bok?

Eg har skrive i mange år og samla på setningar/ bruddstykkar/ splintar av dikt som funka/ ikkje funka. Samtidig tenkjer eg veldig i filmatiske bileter/ sekvensar og prøver å dra lesarane inn i dette universet der opplevinga er det viktigaste. Det var fyrst når eg fann min dramaturgiske form ref. punkt 1 at eg fekk samla det til ei bok.

Hvilke forventninger hadde du til det å debutere?

Eg visste ikkje heilt kva eg skulle forventa eller kva eg kunne forventa. Eg tenkte at poesien var ein underdog, at alt som kom av omtaler, intervju og anmeldelser ville vera ein bonus. Men, då den fyrste anmeldelsen kom i Dag og Tid vart eg kjempeglad!

Kan du anbefale fem bøker og si litt om hver tittel?

Slike kvelders Gud av Terje Johanssen

Johanssen var for meg ein moderne romantikar med eit sanseleg og billedsterkt språk. Boka er hans siste og omhandlar det å leva med ein sjukdom som sprer seg bak kroppen sin klær.

Selected Poems av Anne Sexton

Dikt frå ei modig og ærleg kvinna/ mor/ kona/ poet som fortel om det nære, det private og personlege, om leva med kjensler og lyster/ depresjonar/ å leva for å fortelja/ Og å døy.

The Big Sleep av Raymond Chandler

Knallhard krim med verdas kulaste detektiv, Philip Marlowe. Boka pumpar ut one-linere i kvar einaste scene. Eg les denne boka i svart/kvitt, fargane er vekke, isbitar sklir klirrande fram og attende nede i tomme whiskeyglas medan kvar einaste lungesekk pumpar røyk for fulle maskiner ut av kjeften. Eit mannsportrett frå ei svunnen tid.

Mannen uten egenskaper av Robert Musil

Boka eg aldri vert ferdig med. Les litt og litt. Vert meir og meir imponert og rørt over presisjonen i språket og observasjonsevnene
til Musil.

Auge i vind av Jon Fosse

Avdi eg fell inn i ei rytme og rørsle som ikkje slepp taket i meg. Har ikkje opplevd det slik før eller etter.

 

Hva har biblioteket som institusjon betydd for deg?

Biblioteket er kanskje den finaste plassen i heile verda. Diverre tok det meg 20 år før eg fann ut av det. Før det levde me i to forskjellige tempo der min rastlause personlegdom ikkje klarte å finna roa. No vert eg alltid glad av å vera der. Alltid varm av å sjå bøker.