Hopp til hovedinnhold
av EON sist endret 2022-11-16T11:13:24+02:00
Robin Van de Walle kjem frå Belgia og bur i Bergen. Han debuterer i haust med romanen "Han, solo"

Gratulerer med utgivelsen! Kan du gi en kort beskrivelse av boken?

Takk! Han, solo er ein roman i grenselandet mellom essay og sjølvbiografi, som tar utgangspunkt i eit kjærleiksbrot. Eg-personen har nett blitt forlaten av kjærasten, og opplever djup kjærleikssorg og einsemd. Etter kvart som tida går, prøver han å finne ein veg ut av sorga ved hjelp av bøker, kunst og populærkultur. Sorgsopplevinga set også i gang ei personleg erkjenningsreise, der eg-personen reflekter kring si eiga fortid, og prøver å finne tilbake til seg sjølv.

Hva er bakgrunnen din?

Eg er fødd og oppvaksen i Belgia, og flytta til Noreg då eg var tjue. Eg har studert nordisk og litteraturformidling i Oslo og Amsterdam, og har gått på Skrivekunstakademiet i Bergen. No jobbar eg som formidlar på Hovudbiblioteket i Bergen.

Kan du fortelle litt om prosessen frem til ferdig bok?

Store delar av boka blei til då eg enno gjekk på Skrivekunstakademiet. Halvvegs i skoleåret opplevde eg sjølv eit kjærleiksbrot, og då klarte eg ikkje å skrive om så mykje anna enn det, sjølv om eg i utgangspunktet tenkte at det var for privat og usensurert til å la andre lese. Dei positive reaksjonane frå medstudentane overtydde meg om at dette var stoff som det var verdt å utforske litterært.

Hvilke forventninger hadde du til det å debutere?

Eg har prøvd å ha så låge forventningar som mogeleg, for det er jo ofte så uføreseieleg og tilfeldig kva bøker som blir plukka opp i offentlegheita, og kven som ikkje får noka merksemd som helst. Men det er ei utruleg fin kjensle at boka no finst som fysisk objekt ute i verda. Og eg tenker at det viktigaste er å halde fram med skrivinga og kome i gang med nye prosjekt.

Kan du anbefale fem bøker og si litt om hver tittel? 

Maggie Nelson: Bluets
Få har skrive betre om kjærleikssorg enn Maggie Nelson. Hovudpersonen i boka samlar på blå objekt, og gjennom refleksjonane om denne fargen og desse objekta, får vi vite mykje om forholda hennar. Boka er dessutan skriven i eit vakkert og poetisk språk, nesten prosalyrikk.

Junichiro Tanizaki: Hyllest til halvmørket
Dette er eit essay frå 1933 som prøver å setje ord på nokre av prinsippa bak tradisjonell japansk arkitektur og estetikk. Det handlar om gamle trehus, silkeklede, keramikk og kabuki-teater, men også om kor fint det er å sitje på ein gammaldags utedass i skogen.

Tarjei Vesaas: Is-slottet
Første gong eg las denne, vart eg overrumpla av det poetiske språket, og av kor innlevande og truverdig Vesaas skriv om desse to tenåringsjentene, Siss og Unn. Boka er både minimalistisk og djup på same tid, og liknar ikkje på noko anna eg kjenner til.

Olivia Laing: The Lonely City - Adventures in the Art of Being Alone
Denne boka handlar om byar, kunstnarar og einsemd. Laing skriv om ulike kunstnarar som har vore verksame i New York gjennom tidene, og utforskar korleis einsemd har vore eit tema i liva og kunsten deira. Vi møter kjende figurar som Andy Warhol og Edward Hopper, men òg meir ukjende som målaren Henry Darger og filmskaparen David Wojnarowicz.

J.R.R. Tolkien: The Children of Húrin
Dette må vere den mørkaste av alle Tolkiens bøker. Historia speler seg av lenge før Ringenes herre, og handlar om helten Túrin og søster hans, Niënor. Familien deira har fått ei vond forbanning over seg, og kor hardt dei enn prøver, dei kjem seg ikkje bort frå skjebnen. Litt som ein gresk tragedie, eller ein islandsk saga.

Hva har biblioteket som institusjon betydd for deg?

Meir enn eg kan klare å gi uttrykk for her. Eg vil seie at biblioteket har opna opp verda for meg, og vist meg at det finst mange ulike måtar å leve livet sitt på. Samtidig er biblioteket alltid ei trygg hamn å vende tilbake til for å finne ro, eller inspirasjon. Slik var det då eg var barn, og slik er det framleis. Og no jobbar eg jo på eit bibliotek, så eg får vere her nesten heile tida. Det synest eg er eit privilegium, og dessutan veldig nyttig for ein forfattar.