Hun har selv skrevet to fantastisk fine bøker, Innestengt i udyr og Vi har så korte armar, som jeg ofte anbefaler og gir i julegave til nieser og venner. Fandenivolske og fantasifulle. De føles påtrengende og dypt rystende. Nå får vi se hva hun vil anbefale. Frem fra en dryppende sekk tar hun opp listen med de 15 bøkene vi skal snakke om.
Du er også en entusiastisk leser, Olaug. Har det vært vanskelig begrense seg til 15 bøker?
Det er nesten umogeleg. Eg har valt ut nokre av dei bøkene som har vore viktige for meg i ulike fasar av livet mitt. Dermed har det blitt nokre barnebøker også, eg er glad i den sjangeren.
Vi tar ofte for gitt at vi leser. Det er rutine, men får jeg lov til spørre deg: hvorfor leser du bøker, Olaug? Hva er du ute etter?
Det er eit vanskeleg spørsmål. Jo lenger inn i den litterære offentlegheiten eg har bevegd meg, jo vanskelegare er det å svare på det. Eg har blitt van med å lese bøker eg får tilsendt fordi eg skal meine noko om dei, så det blir sjeldnare at eg les bøker fordi eg har lyst, sjølv om eg gjer dèt også. Eg les for å følge med, og vel ofte bøker etter kva for merksemd og bokmeldingar dei har fått.
Har det alltid vært slik?
Før las eg alt eg kom over. Vi hadde eit bibliotek på den vesle barneskulen eg gjekk på, Karstad Skule. Vi fekk beskjed om at massevis av bøker måtte bli kasta på grunn av plassproblem. Eg og ei veninne fekk det ærefulle oppdraget å vurdere kva for bøker som skulle bli makulert. Eg gjekk til oppgåva med stor iver. Men eg klarte ikkje å kaste ei einaste bok. Det var alltid noko godt der ein stad. Alltid noko fint, noko viktig. Det er veldig sjeldan eg føler det er bortkasta tid å lese ei bok.
Det vil si at det er noe i deg som får noe ut av lesningen. Er det din litterære bevissthet eller den rene leseren i deg?
Det er ikkje så lett å svare på. Viss eg les og seier Wow! Dette har eg aldri sett gjort før! så er dét éin god kvalitet ved lesinga. Finn eg deretter ei anna bok som brukar det samme grepet, så må den kanskje ha endå meir for å imponere, og det kan jo vere tilfeldig kva for ei av dei to bøkene eg las først, så å kreve originalitet er eigentleg urettferdig. . . men viss vi hadde visst akkurat kva vi var ute etter når vi las, hadde vi kanskje ikkje gjort det, det er fint å bli fanga i lesing gang på gang – å ha gløymt i mellomtida kvifor vi likar å lese.
Kan den litterære bevisstheten i deg være et hinder også?
Jo meir erfaren eg blir, jo lettare er det å sjå kva for grep forfattaren har brukt, kva for knappar ho trykkar på. Det treng ikkje vere noko problem, men som hovudregel trur eg eg må seie at eg likar best å bli overraska, anten det er litterært eller kunnskapsmessig. Gjenkjennelse er også viktig; det er fint å kunne knytte det eg les til eigne erfaringar.
Kan du gi et eksempel på en slik bok?
Bondestudentar av Arne Garborg! Eg elskar Garborg. Eg kjende meg igjen i karakteren Daniel Braut. Korleis det er å vere nynorskbrukande student i byen. Det var med skrekkblanda fryd eg oppdaga at mi oppleving av å vere nettopp dèt, likna mykje på opplevinga til Daniel Braut; det er jo lenge sidan boka vart skriven. Arne Garborg er smart, veltalande og sannferdig. Då eg gjekk på gymnaset, forveksla eg han med Garman frå Alexander Kielland sine Garman & Worse-bøker, men no er eg alt for språk- og litteraturmedviten til å gjere slike feil.
Og så det drivende språket til Garborg! Det er virkelig en bemerkelsesverdig forfatter. Men det er en tung fortelling han serverer?
Men det er inga melodramatisk lidelseshistorie. Garborg er vidsynt og tvisynt, han viser alle sider av saka. Han viser fram kor veik Daniel Braut er, utan å seie at det er greit at han blir nedverdiga.
En litteratur som ikke er redd for å utsette karakterene for innsyn, som søker sannhet?
Aasmund Olavson Vinje sa ein gang noko om at god litteratur er den som tillet lesaren å le med det eine auget og å gråte med det andre, og det synest eg er ein god definisjon. Skildre utan å velje side. Sånt elskar eg! Eg kjende også ei sterk gjenkjenning i Cecilie Løveids Sug. Så modig og fint! Den boka gjorde at eg kunne sjå meg sjølv på ein ny måte, også som kvinne. Den formulerte ein god del av mine eigne kjensler om kvinnekropp og seksualitet. Det har hatt stor betydning, det har laga ein openheit i meg. Berre det at eg kan sitte og seie slike ting til deg, det seier jo litt. Skamma har blitt mindre.
Det er godt å være i språket til Løveid. Det er også svært ærlig?
Ja, eg hadde lenge eit sitat frå Sug på skjermbeskyttaren min, men har det ikkje no lenger, så eg må sitere etter minnet: ”Vesentlig for framstillingens kvalitet, er det store alvor det klønete og klossete må bli framført med”. Det er ei god læresetning for sanningssøkande forfattarar. Også Virginia Woolfs essay A Room of Ones One har hatt stor betydning.
Hvordan?
Situasjonen Woolf skildrar, er oppdikta, men verkar sann. Det føregår på universitetet Oxbridge, der kvinner ikkje har lov til å trakke på graset. Kvinner får heller ikkje lov til å gå på biblioteket utan følge frå ein mann. Woolf skriv også om Shakespeare si fiktive søster, som i si tid ikkje kunne ha blitt like kjend som bror sin, fordi vilkåra på ingen måte låg til rette for henne. Sjølv om Woolf diktar, kjennes skildringa sann og rett, fordi ei erfaring blir sett på spissen. Det er ikkje berre kvinner som kan kjenne seg igjen, det handlar om å bli oversett, usynleggjort og utestengt. Det er den viktigaste politiske teksten eg har lese.
Var disse lesningene med på å lage et rom for deg skrive i og fra?
Nei, eg skreiv før eg las dei. Men dei sette ord på noko eg synest har vore nødvendig for meg å kunne formulere. Gjenkjennelsen gir meg mot til å skrive. Eg har skrive om kvinnelege erfaringar i begge bøkene mine. Etter å ha tatt litteraturvitskap, skjøna eg at det må bli kjempa for retten til å skrive om slike. Pensum er dominert av mannlege forfattarar, og dermed blir vi godt trente i å tolke menns liv og danning. Kva med kvinneliv og kvinnedanning? Mi leseerfaring tilseier imidlertid at kvinner tar fleire forbehold når dei skriv enn kva menn gjer; menn vågar å ta plass. Eg beundrar kvinner som ikkje tar forbehold i skrivinga si, som klinkar til. Kristine Næss, Tonje Røed og Eva Jensen.
Skal vi begynne med den litt bortgjemte, men strålende Eva Jensen?
Ho er nok oversett, ja. Bøkene hennar har vore ei stor inspirasjonskjelde. Eg ser at eg til tider prøver å etterape språket hennar. Eg anbefalerDen rolege gule hunden med brillene. Eg likar så godt at det er ein hund det rablar for så han ular ”Ooooooouuuuuuuu!” Og at det vidare står: ”Uendeleg trist uler den gule hunden dette,” det er noko av det mest hjarteskjærande eg har lese!
Jeg ser flere likheter mellom deg og Kristine Næss. Du anbefaler Rita blir forfatter. Hva er det ved hennes bøker som gjør så sterkt inntrykk?
Ho er så nådelaust ærleg i forhold til dumheita og sårheita til hovudpersonen. Ho fortel alt! Lesaren skjønar at draumane til Rita ikkje vil bli oppfylte, vi ser henne klarare enn ho gjer sjølv, og det er ubehageleg. Ho forelskar seg i ein fyr som er eldre, ein som har eit overflatisk forhold til sex. Det har ikkje Rita! Etter at dei har lege saman, trur ho at dei er kjærastar, ho er klar til å flytte inn hos han. Vi ser at forhåpningane hennar er alt for høge. Vi veit at det er sant, ein gang var det vi som var slik.
Det blir viktig at denne skildringen fins i verden. At folk kan kjenne seg igjen.
Ja. Næss viser at ein ikkje er åleine. Ho skildrar audmjukinga. Nokon gangar blir skildringa av audmjuking forskjønna, til dømes dei fleste skildringar av unge, lidande menn. Men her er det ikkje mykje vakkert ved audmjuking og liding. Folk må gjerne lese romanen Sonja og diktsamlinga Obladi også.
Hun kaster seg virkelig ut i det! Det samme kan vel en si om Tonje Røed?
Udødelig med deg er ein roman eg framhevar gang på gang. Det klønete og klossete blir framført med stort alvor og utan formildande omstendigheiter. Nokon seier at det er slitsomt at kvinner ikkje klarer å la vere å rapportere frå intimsona, og at det er dumt fordi det er for privat å lese slike rapportar. Det er urettferdig, for det finst nok av nittitalsbøker med inngåande skildringar av pikk og ronking. Næss og Røed skriv om sex som den pinlege affæren sex kan vere; sex inkludert skam og ekkelheit. Og dragning og begjær. Det er eit rett bilete.
Jeg syntes debuten hennes Ferie også var fin.
Ferie var bra, men Udødelig med deg er meir laussluppen. Hovudpersonen spør: Må ein skjule kva ein ønsker og håpar på berre fordi det er flaut å ha ønskt og håpt på noko det skal vise seg at ein ikkje får? Hvis ein har vore open, kan ein ikkje bli avslørt, viss ein har lata som om ein har kjent noko anna enn kva ein eigentleg kjenner, er det pinleg å bli avslørt. Tonje Røed henger ikkje nokon ut, ho viser fram, lar det framstilte ha ein heilt eigen verdi.
En annen forfatter jeg føler du er beslektet med er forfatteren som scorer hat-trick på listen din: Ragnar Hovland!
Ragnar Hovland er den beste forfattaren eg veit! Sveve over vatna, Bussen til Peking, Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville er alle strålande bøker. Hovland har betydd mykje!
Sveve over vatna har vel blitt en stor kult-klassiker blant studentene i Bergen. Leste du Hovland før eller etter at du kom til byen?
Alltid fleire dagar las eg på ungdomsskulen og seinare fleire gangar. Den slo fast at sånn er det også vanleg å leve livet sitt, og eg var glad, for eg kjente meg igjen, og Hovland skriv morosamt, med sjølvironi. Frode Grytten snakkar om å skrive om det lokale....bøkene til Hovland er jo nærmast mytologi for ein del Vestlandsungdom! Mykje humor og surrealisme. Titlane Eg blir her, eg drar ikkje av Grytten og Per Bufast av Vesaas seier mykje om kva som er problemet til bygdeungdommen. Should I stay or should I go?
Jeg må nesten spørre deg om Mia Hallesbys 250 fortellinger for barn?
Ei bok med eksempelforteljingar som viser at den kristne moralen er den einaste rette. Hehe. Eg har ledd mykje av denne. Men eg las den gang på gang då eg var lita. Eg veit ikkje kvar ho har blitt av, eg vil gjerne finne ho igjen, for det er ei bok som kan vere til trøyst og oppbygging og som motvekt til den ”vonde” og fragmenterte verda vi ellers har å forholde oss til. Og ja, Mia Hallesby var kona, eller kanskje søstra, til Ole Hallesby.
Du har også med Janosch med fortellinger om blant andre den vesle bjørnen og den vesle tigeren?
Ja, boka Dyreliv. Der får vi både groteske dikt og dikt om kvardagsliv i dyreverda. Her er det dikt om kor varierande kvalitet det er på råda til mor, dikt om den vesle haren som bankar opp reven og dikt om den forfengelege apen. Men den boka eg aldri kjem til å gløyme, er biletboka I morgentåkedalen. Den handlar om Morkel Mosetuss som skal finne kjempesoppen, men som til slutt må velge mellom den eller å redde venene sine frå det skumle monsteret, Grumlaren. Eg var livredd for Grumlaren, eg var redd i årevis. Eg kvapp viss eg sat på fanget til mamma eller pappa og vi bladde over til sider der Grumlaren var med på teikninga. Einar Øklands Ein god dag er også kjempefin. Varm og god på den eine sida, for så å bli skummel og utmattande på den neste. Og så varm og god igjen til slutt, sjølvsagt.
Nå mangler vi bare to. Godt se at du også anbefaler god rykende fersk lyrikk!
Eg høyrte Tone Hødnebø lese frå Stormstigen, og det var fantastisk! Det er sjeldan eg opplever at opplesingar rører meg så sterkt. Det er særleg ei strofe som vippar meg av pinnen:
Jeg hører mine egne ord,
å, bli i hjertet mitt, elskede
og uten denne åpenhjertigheten
sitter du fast i helvetes avgrunner,
du, den eneste som jeg elsket.
Det er virkelig en fin diktsamling. Tiden går, og nå må vi snart ut igjen i regnet, Olaug? Hva er den siste boken?
Den har eg med meg her (drar opp en bok fra sekken som nå har fått noen tørre flekker), den er ganske ny. Kjøpt og underbetalt, heiter den. Med undertittel: om (ikke) å klare seg i Amerika. Eg syntes det var rystande og god lesing. Barbara Ehrenreich, ein relativt kjent reportasjejournalist, prøver seg i tre ulike låglønsyrker og skildrar situasjonen til dei som har desse yrkene som kvardag. Det handlar om fattigdom, utnytting og klasseskilje.
Du har selv jobbet i renholdsbransjen?
Mi eiga erfaring som reinhaldsarbeider, tilseier at det på ingen måte er like ille i Noreg, men det er klart at klasseskiljer finst også her, og at vi bør kjempe for å kvitte oss med dei. Det er ei fin bok! Det er godt å låne litt tid til dette feltet også. Det er sjølvsagt rått at det må ein kjent reporter til for at nokon skal bry seg om skildringa, men det er overveiande sannsynleg at dei som har ein så hard kvardag til vanleg, ikkje ville rekke å skrive ei slik bok. Eg er ikkje av dei som meiner det må bli slutt på andre typar bøker for å gje plass til politisk litteratur, men eg synest det er viktig at det blir skrive bøker som synleggjer problem. Eg synest Kjøpt og underbetalt er ei viktig bok.
Himmelen utenfor er blitt lysere . Det regner enda. Vi sier farvel med et smil. Olaug Nilssen tusler ut døren og og blir langsomt til en prikk nedover Kong Oscarsgate og utover Bryggen. Det fins virkelig mange spennende bøker i verden.
Olaugs anbefalinger: sjekk ut disse bøkene!
- Arne Garborg: Bondestudentar
- Mia Hallesby: 250 fortellinger for barn
- Jan Deberitz: I morgentåkedalen (biletbok for barn)
- Ragnar Hovland: Bussen til Peking
- Ragnar Hovland: Sveve over vatna
- Ragnar Hovland: Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville
- Tone Hødnebø: Stormstigen
- Janosch (omsett av Halldis Moren Vesaas): Dyreliv
- Eva Jensen: Den rolege gule hunden med brillene
- Ceciie Løveid: Sug
- Kristine Næss: Rita blir forfatter
- Tonje Røed: Udødelig med deg
- Virginia Woolf: Et eget rom
- Einar Økland: Ein god dag (biletbok for barn)
- Barbara Ehrenreich: Kjøpt og underbetalt: om å (ikke) å klare seg i Amerika
22. oktober 2003