Hopp til hovedinnhold

Foo Fighters: Greatest Hits

av Arild Ness sist endret 2016-11-16T14:58:38+02:00
Foo Fighters

Greatest Hits

RCA/Sony , 2009

Foo Fighters har gjennom si snart 15 år lange karriere opparbeida seg nok gromme låter til at ei ”Greatest Hits”-samling kan vere på sin plass. Og sjølv om frontfigur Dave Grohl har sagt at albumet først og fremst var plateselskapet sin lure idé er det ingen tvil om at denne oppsummerande samlinga vil glede både gamle og nye fans av bandet. Med svulstige stadionrockerar som Monkey Wrench, This Is A Call, My Hero, meir pop-orienterte hits som Big Me og Learn To Fly, samt to flunkande nye låter i Wheels og Word Forward, syner den gamle Nirvana-trommisen Grohl og hans følgesvennar at dei er blant dei leiande aktørane innanfor amerikansk rock.