Hopp til hovedinnhold

Jaa9 & OnklP: Sellout

av Arild Ness sist endret 2016-11-16T14:58:38+02:00
Jaa9 & OnklP

Sellout

Columbia , 2009, Norge

Med stort selskap i ryggen og eit par år meir på baken er Jaa9 og OnklP tilbake. Om dei har blitt ein ”Sellout” som albumtittelen (ironisk eller ei) antydar får bli opp til andre å vurdere, men deira humørfylte og ein smule breikjefta hiphop har behaldt mange av sine faste ingrediensar. Som vanleg blir leppa slengt i den eine og andre retninga; mot dei ”andre” (pappagutar, snobber, bloggerar osv.), men den frekke tonen blir også retta mot seg sjølv. På Sellout bidreg blant andre artistar som Maria Mena og Jørg-1 (Joddski) på kvar si låt, men Lillehammer-douen utmerkar seg kanskje best heilt på eige hand, til dømes på dei særs populære radiolåtane Glir Forbi og Blog.