Hopp til hovedinnhold
av Siri Økland — sist endret 2022-09-16T10:56:56+01:00 © Copyright: Illustrasjonar er beskytta iht. Lov om opphavsrett til åndsverk av 1961. Utover privat bruk er gjengivelse/reproduksjon av verna illustrasjonar ikkje tillatt utan etter avtale med rettighetshaver v/BONO. Kontakt BONO (Billedkunst Opphavsrett i Norge) for rettighetsklarering: www.bono.no. For tekst på sida gjeld følgande lisens: Navngivelse-Ikkekommersiell-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge (CC BY-NC-SA 3.0).Illustrasjoner og bilder på sida ligg i Einar Øklands private samling og er digitalisert av Bergen 0ffentlige Bibliotek.
Forord til digitalutgåva av Einar Øklands samling på Bergen Offentlige Bibliotek

Det er denne kløen

Å dra på tur med ein samlar er aldri kjedeleg. Køyrer de bil, kan du vera sikker på at det blir stopp etter eit anna kart enn det du finn i vegboka til NAF. Eller på GPS-en, EØ red 07for den saks skuld. Det finst eit eige kart, eit uskrive eit. Eit som fortel om stoppestader ut frå ein kviskrande kollektiv kunnskap om brukthandlar og gode kjøp. Går du og samlaren til fots, kan du sjå ein vêrande nase og eit blikk ei livvakt verdig. Alle detaljar blir fanga opp, ingen butikkar eller utsal går klar av samlarens radar.

På handel

Sist sommar var eg på Madeira med far min, Einar Økland. På den avsidesliggjande øya ute i Atlanteren, i den vesle hovudstaden Funchal, på eit kjøpesenter som hadde lagt seg ned for å døy, i ein bitte liten frimerkebutikk med plass til tre kundar om gongen – der ville han inn.

Når ein kjem til dette punktet, har ein tre val når ein er på tur med ein samlar: Ein kan venta utanfor butikken – noko som ofte kjennest ganske langdrygt. Ein kan gå vidare til nærmaste komfortable ventestad, for ein veit at samlaren kjem halsande etter, alltid audmjuk og klar over den ulempa samlarinstinkta påfører reisefølget. Eller ein kan bli med inn, slik eg gjorde denne dagen. Då vil ein sjå korleis samlaren og seljaren peilar kvarandre inn. Kven har eg her med å gjera? Kor ligg skjæringspunktet for den optimale handel med den karen? Ikkje sjeldan tar dei to farvel i respekt for sin likemann.

Odda på Madeira

Også i sjappa i Funchal blei det handel. Det usannsynlege er ikkje lenger overraskande når det gjeld kva Einar Økland kjem over. Kva det var denne laatefossgongen? Jo, eit postkort frå Odda-traktene, nærmare bestemt den imponerande Låtefossen. – Det skal eg senda til Sverre, han samlar på kort frå Låtefoss, sa kjøparen med ei tilgjort kul mine mens han nøgd stappa kortet på innerlomma.

Kor lett er det ikkje å gå forbi? Kor fort gjort er det ikkje at eit sjeldant kort med bilde av ein turistattraksjon i Norge blir liggjande å støva ned i Funchal, og aldri får gleda ein som veit å gjera seg nytte av akkurat dette faktum: I 1912 såg «Laatefoss near ODDE (Norway)» nett slik ut på eit kort fotografert og kolorert av engelskmenn, gitt ut til det britiske publikummet av magasinforlaget Shurey’s. Forutan trykke- og fargeteknikkar, vitnar kortet om at fossen var så kjend i England, at dei laga eit eige kort for heimemarknaden. Det var så mange engelskmenn som reiste i Norge at kort som dette hadde eit publikum i Storbritannia.

Initiativtakaren

Den glade mottakaren av eit særmerkt kort frå Låtefoss, kjøpt på Madeira, er Sverre Tusvik. Mangeårig redaktør på Samlaget og mangeårig ven av far min. Sverre Tusvik er mannen som såg kva kulturkunnskap som ligg i den unike samlinga til Einar Økland, og som tok initiativet til å digitalisera denne slik at kunnskapen no blir delt med fleire. Hittil har dei akkumulerte observasjonane kun lege lagra i samlarens eige hovud. Rett nok med få unntak: Innimellom har dei manifestert seg i artiklar i heller små publikasjonar, som for eksempel «Julemerkesamlernes tidsskrift» og «Samling om postkortet».

Tusvik fekk med seg Bergen Offentlige Bibliotek, som med støtte frå Norsk kulturråd og Fritt ord, tok på seg å utvikla og husa prosjektet. Biblioteket har gjort ein stor jobb med å dokumentera, fotografera og presentera eit utval av dei mange og mangfaldige trykksakene forfattaren har samla gjennom åra. Einar Øklands rause bidrag har vore å fritt stilla tinga sine og kunnskapane sine til disposisjon når han er blitt beden om det. 

Gulna papir

Dei trykksakene som blir presenterte her, er blitt til ei samling nettopp fordi Einar Økland ikkje går forbi. Får han teften av gulna papir ein stad, stikk han hovudet okland_in_amorinn for å sjå. Ser han ein forgangen illustrasjon på nettet, klikkar han vidare til han finn ut meir. Mange stader finn han det som få andre vil ha. Gamle illustrerte trykksaker som ofte blei kasta fordi dei kun gjorde nytte der og då. Fargerike papirsaker som var i sirkulasjon ei kort stund, men som aldri var meint å havna i noko bibliotek eller arkiv. Som for eksempel julepakkelappar, bokmerke, timeplanar, brosjyrer eller festtelegram. – Dette er bruksgrafikk, seier han sjølv om dei flyktige trykksakene, der fokuset hans er retta mot dei handteikna illustrasjonane. Samla sett fortel dei sin del av historia om utviklinga av Norge frå rundt 1890 til rundt 1960.

«Papirets tidsalder»

«Papirets tidsalder», kallar Einar Økland dette trekvart hundreåret i kjølvatnet av industrialiseringa av den vestlege verda. Dei store omveltingane fekk betydning på ei lang rekke felt, også det som gjeld visuell massekommunikasjon. Fleire faktorar utgjorde grunnlaget for at det blei så billeg å trykka fargeillustrasjonar, at ein flaum av bilde nådde den vanlege mannen i gata. Typisk for mange av desse bilda var at dei var knytt til teknologi, industri og kapitalisme. Dei blei laga industrielt for ein massemarknad.

Einar Øklands utgangspunkt er at den nye teknologien innebar ei demokratisering av tilgangen på tekst, men særleg bilde. Han seier me knapt kan førestilla oss kor hungrige folk må ha vore etter bilde i ei til då bildefattig tid. I perioden me snakkar om her, spreidde illustrasjonane seg til alle ledige flater. Plakatar, brevmerke, frimerke, diplom, postkort, for å nemna nokre. Det han har funne ut om denne anonyme tradisjonen, kallar Einar Økland «bildets innvandringshistorie»

Det han har funne ut om denne anonyme tradisjonen, kallar Einar Økland «bildets innvandringshistorie».

Fram til 1800-talet blei papir laga for hand, ark for ark. Råvara var fiber frå brukte klutar av bomull, lin og hamp. Dei første maskinelle trykkpressene blei oppfunne i åra rundt 1800, noko som gjorde det mogeleg å produsera papir på store rullar i staden for i einskilde ark. Men sjølv om arbeidet blei meir effektivt, var tilgangen på klutar framleis avgrensa. Det blei derfor eksperimentert med andre fiber, særleg tre. Først i 1840-åra, då metoden for å utvinna fiber frå trevirket blei maskinell, blei papirproduksjonen så stor at prisane fall.

nils_og_blaamann

Litografien blei utvikla

Den framveksande industrien effektiviserte ikkje berre papirproduksjonen, men også trykkemetodane. På 1800-talet blei det gjort ei rekke forsøk på å utvikla teknikkar som kunne effektivisera trykkeprosessen, auka opplaget og ikkje minst: Reprodusera bilde betre.

Tilbake på 1500-talet hadde tresnittet dominert som metode for å trykka bilde, men eigna seg ikkje til store opplag. Det mjuke treet i trykkplata gjorde at klisjeen relativt fort blei nedsliten. Koparstikket tok over på 1600- og 1700-talet, men då xylografien blei oppfunnen i siste halvdel av 1700-talet, blei trykkplater av tre igjen aktuelle. I staden for lengdeved, nytta ein no den harde endeveden av buksbom. Denne metoden blei tilpassa maskinell produksjon utover 1800-talet, men blei utkonkurrert av litografien, som blei oppfunnen i 1798 og utvikla vidare i hundreåret etter. Klisjeen var laga av stein påført feit farge, og steinen tålte svært mange gongers gjenbruk utan at bildet blei uklart.

Papiret var slitesterkt nok til å tåla trykking, transport og bruk. Det var billeg nok til at industrien kunne gi bort reklametrykksaker gratis.

 

I 1838 blei kromolitografiet oppfunne. Trykkinga av eitt og same bilde gjekk føre seg i fleire etappar, og éin stein for kvar farge blei brukt for å framstilla klare og detaljrike fargebilde. Mellom ti og tjue steinar blei brukt i dei mest avanserte fargetrykka, og bildekvaliteten imponerer den dag i dag. Nyare metodar som boktrykk og offset har ikkje klart å ivareta den fargeintensiteten kromolitografien hadde på sitt beste.

Reklame og massemarknad

Heile det bildeuniverset Einar Økland orienterer seg innanfor i samlingane sine, vaksbjorneseths_kaffe altså fram fordi eit knippe historiske og teknologiske faktorar spelte saman utover 1800-talet: Papirproduksjonen blei maskinell. Gamle, tungvinte trykke- og reproduksjonsmetodar fekk avløysing av nye som tillét massetrykk. Men like viktig var det at transportvegane blei utbygde som følgje av industrialiseringa. Handelstrafikken auka både til sjøs og langs landevegen. Kundegrunnlaget blei utvida frå den lokale byen eller tettstaden til marknadar lengre borte. At marknadane blei større og produksjonen auka, gav billegare prisar. Dermed auka også kampen om kundane.

Reklamen blei ein storforbrukar av bilde i dette kappløpet, noko som gav grunnlag for nettopp masseproduksjon. Papiret var slitesterkt nok til å tåla trykking, transport og bruk. Det var billeg nok til at industrien kunne gi bort reklametrykksaker gratis. Etter kvart blei mange av desse bilda vanlege nok til å bli kasta – gjerne etter at dei hadde blitt beundra og samla på for ei stund.

Den vesle manns galleri

Dersom ein skal leita etter ein fellesnemnar for dei illustrerte trykksakene Einar Økland interesserer seg for, ser ein at dei alle er forgjengelege og trivielle, men har hatt sin funksjon i kvardagen til folk. Dette er «den vesle manns kunst». Dei zebra_ovnsværtebildeberande trykksakene folk flest hadde rundt seg til dagleg – på såpepapiret, i reklamebrosjyren eller på brevmerket – hadde vel så stor betydning for dei som den insitusjonelle kunsten, hevdar han. Sistnemnde var ofte mindre tilgjengeleg for vanlege folk, enn reklamebildet var.

Men uttrykket rommar også eit anna perspektiv. «Den vesle manns kunst» er den bildekunsten barna har eit forhold til. Ein heil del av dei fargerike og ofte forseggjorte bilda, følgde reklamen og emballasjen på hushaldningsvarene. Tilgangen blei etter kvart så stor at barna fekk overta dei. Den rike bildeverda som kom inn i heimane gjennom det forgjengelege papiret, er derfor ein viktig del av barnekulturen, meiner Einar Økland. Gjennom å studera barns samlingar, slik dei viser seg i gamle kladdebøker fulle av kaffikort med idrettsheltar eller i album med sirleg monterte sardinetikettar, har Einar Økland lært seg å lesa ut ei rekke ting om norske trykkeri, forlag, og illustratørar.

Industrisamfunnets folkekunst

Illustratørane av dei trykksakene som er vist i denne samlinga, er vanlegvis anonyme. Dei signerte sjeldan, men somme tider kunne ein initial eller eit «bumerke» vera brukt. Gjennom år har Einar Økland studert personlege stiltrekk og kjenneteikn, og har avdekka eit korps av illustratørar som tok oppdrag i den veksande bildeindustrien. Andre har det ikkje late seg gjera å identifisera, og slikt må ein også slå seg til tåls med. Det typiske for illustratørane var at dei teikna på oppdrag, og ikkje var styrte av uttrykksbehov eller personleg smak. Einar Økland samanliknar denne anonyme og ukommenterte sektoren av folkelivet med tidlegare tiders rosemålarar. Også desse handverkarane tilpassa seg kunden, og var sjølv anonyme.

Perioden mellom 1935 og -55 var glanstida, ifølgje han. Då teikna norske illustratørar reklamen på framsida av vekeblad, dei teikna magasinillustrasjonar, bokomslag, postkort, pakkelappar, brettspel og firkort. Ein del teikna også plakatar, ekslibris og endåtil innpakningspapir. Men dei bildeuttrykka som rundt 1900-talet hadde vore nye og moderne, blei glansbilde_engelenetter kvart trivialiserte. Foto og design tok over bildeflatene, og dei handteikna illustrasjonane forsvann gradvis utover 60-talet. På 70-talet fann Einar Økland teikna postkort, samlekort og pakkelappar slengande i bruktbutikkar, og sikra seg ein del av dette materialet før det blei kasta.

Denne kløen

Den som lurer på kvifor Einar Økland er interessert i alt dette, er ikkje aleine. Han har sjølv spurt seg det same. Men, som han seier: Viss du klør på ryggen, undrast du: Er det eit insekt? Kan eg ha fått ei barnål innom skjorta? Du blir interessert i kvifor du klør på ryggen.

Denne samlaren har altså ei kløe han må finna ut av. Ei kløe som handlar om å undersøka eit felt han meiner kunsthistorikarane har forsømt.

Siste ord er ikkje sagt

Noko av det me i dag trur me veit, kan bli korrigert dersom me får betre kjelder, seier Einar Økland. Slik er det med heile feltet me snakkar om her, der sjølvstudium, samanlikning, skjønnsmessige slutningar og eliminering er metoden. Dette rører ved sjølve kjerna av prosjektet hans: Å bli litt klokare på den (bilde)verda me lever i. Ingenting er kjekkare enn å koma over eit nytt objekt som utvidar, nyanserer, bekreftar eller korrigerer den kunnskapen du hadde. Å få noko stadfesta eller få det avkrefta – det eine er like mykje verdt som det andre, når målet er å oppdaga samanhengar og kunna seia noko meir eksakt om eit emne. Tilbakemeldingar på alt som er sagt om samleobjekta på desse nettsidene, er derfor svært velkomne.

Ein finnar

La oss venda tilbake til handelen på Madeira. Det kan sjå ut som om Einar Økland har flaks når han spaserer inn i ein liten butikk i Funchal og finn eit postkort frå Odda. Men kanskje er det rettare å seia at samlaren ikkje har større hell enn andre, men at han finn meir enn dei fordi han interesserer seg for fleire ting enn vanleg er.

Når det kjem til samling, har ikkje far min noka glede av å få ein serie komplett. Han er ikkje den som ikkje tåler hol i samlinga. Det er jakta på kunnskap og endå meir kunnskap om norske illustratørar, kunstnarar og norsk bokkunst som får han til leita. Berre ved å ha gjenstanden i hende, kan han finna fram lupa, studera detaljar, samanlikna og trekka slutningar. I grunnen er ikkje Einar Økland ein samlar. Han er ein finnar. Denne samlinga viser ein del av det han har funne.

Bergen, 28. oktober 2012