Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Nettredaktør sist endret 2017-11-29T13:58:19+00:00 © Copyright: For tekst på sida gjeld følgande lisens: Navngivelse-Ikkekommersiell-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge (CC BY-NC-SA 3.0).Illustrasjoner og bilder på sida ligg i Einar Øklands private samling og er digitalisert av Bergen 0ffentlige Bibliotek.
Intervju med Einar Økland om arbeidsplassen hans. Trykk på bildene for å forstørre.

kleopatra_detalj
Her ser vi historiens vakreste kvinne i pregtrykk. Kleopatra er det vel?
Du har kvinner til venstre og menn til høgre på veggen. Hva er grunnen til det?

Økland: Kanskje det heller er Nefertiti? Eg er oppvaksen med manns- og kvinneside i kyrkja. Dette er vel mi kyrkje.

 

 

juleøl_etikett_detalj


Din interesse for trivialkunst har ledet til flere bøker om emnet. Er det motivvalgene og utførelsen, som i dette disney-aktige øl-motivet, eller samleriet i seg selv som fascinerer deg?

Økland: Industriell masseproduksjon førte med seg ein ny visuell populærkultur, som - imotsetnad til den preindustrielle folkekulturen - er så uutforska og lite kommentert, at ein sjølv må skaffe seg det ein vil vite meir om.

 

 

ibsen_dobbel_detaljIbsen ser ganske bister ut på dette bildet. Hva er historien?

Økland: Dette er det siste fotografiet som blei tatt av forfattaren før han døydde. Ein amerikansk fotograf trengde seg inn i heimen hans og tok bildet mens han åt frukost. Bildet blei marknadsført i USA til bruk i den tids populære steroskop. Slik er det å bli gammal forfattar. For meg eit memento mori.

 

 

 

olaf_rotta_og_georg_johannesen

Olav, rotta og Georg Johannesen var jo en interessant sammenstilling av objekter. Fortell, fortell?

Økland: Ideal og realitet for ein norsk mann. Ein kan vere noko ekte og typisk norsk, som t. d. rattus norvegicus, ein kan vere uskuldig norsk kongebarn. Ein kan vere Gud og bli til ingenting - eller omvendt.  Men ein kan også vere den som tenkjer på desse tinga og snakkar om dei, altså som ein Georg  Johannesen.

 

 

 

 

 

gulbransen_hode_detalj

Norges store tegnesønn Olaf Guldbransson har fått sin plass på veggen. Er dette et teatermotiv?

Økland: Det er eit original sjølvportrett av Olava, som han kalla seg. Han er delt av ein kårde og smiler til eine sida, kanskje fortida eller komikken i livet, men gaper fortvila og forskrekka til andre sida, som kanskje er framtida eller livet som tragedie. Kanhende symboliserer kården verdenskrigen som har delt Tyskland. Den gråtande og den leande maska finst det mange versjonar av. Ein konstellasjon som symbolserer ikkje berre teatrets doble natur, men også livets. Livet som teater.

 

 

frøken_tankeløs_detalj

Her er et originalt bokomslag av Harald Damsleth. Du har skrevet bok om han. Hva er det med historien hans, evt. utrykket - som tiltaler deg spesielt?

Økland: Damsleth er også ei åtvaring mot mine eigne tendensar og tildriv. Hans tragiske feilsteg viser kor ille ein kan stelle seg, jamvel om ein held på barnet i seg, jamvel om ein er modernist, jamvel om ein er realist, jamvel om ein er estet. Ja, det går kanskje endå meir gale om ein, som Damsleth, er flittig, har stil og oppnår popularitet.

 

 

 

 

el_terror_detalj

Her er en annen type omslagsillustrasjon: det ser ut som forsiden til et spansk ukeblad. Er det det, og vet du foranledningen til det ganske dramatiske bildet?

Økland: Den vakre kvinna med saksa i nasen pryda framsida på eit spesialnummer av eit spansk vekeblad som handla om "skrekken". Eg kjøpte det i Franco-tida då eg budde der eit halvt år. Det er ei påminnning om moderne kvinner. Min skrekk er kvinner som har stukke ei saks opp i ansiktet for å bli seg  sjølv eller bli vakre.

 

 

 

 

døtre_av_norge_detalj


Vi ser medlemsbeviset "ditt" i kvinneorganisasjonen Døtre av Norge. Hvordan kan det ha seg?

Økland: Eit anna avskrekkingsobjekt. Tung bunadspryd av metall, emalje og silke nytta til identitetsmarkering av den feminine parallellen til Sons of Norway, avdeling "Stillehavskysten". Kvinnelege norskamerikanarar.

 

 

 

 

 

jesus_detalj

Kanskje litt overraskende å se et religiøst trykk innrammet. Ser du en kobling mellom religiøs ikonografi og trivial-illustrasjon?

Økland: Absolutt. Dette blei ekstra tydeleg då religiøse illustrasjonar byrja masseproduserte og spreidde som privat veggpryd. Dei fleste slike Jomfru Maria-bilde i norske heimar er katolske og kjem frå Sentral-Europa. For meg er dei eit vitnemål om at også protestantar har hatt praktlyst og billedglede. Attåt dette at ingen-er-som-mor.

 

 

 

 

 

fiskebein_detalj

Du har et fiskebein på veggen. Er det du som har fanget den?

Økland: Det er eit bein som har vore inni halen på ein stor hanntorsk. Det er eg som har kokt og ete den. For meg symboliserer den urenkle halebeinforma maskuliniteten og er ei positiv påminnning om at ein også kan finne noko vakkert i menn, berre ein fjernar alt anna.