Hopp til hovedinnhold
av Sverre Helge Bolstad sist endret 2022-04-19T09:27:08+02:00
Einar Økland har gjennom 40 år bygd opp svært spesielle samlingar av trykksaker innanfor populærkultur, barnekultur, bruksgrafikk og trivialkunst. Biblioteket har digitalisert deler av samlingane, og ønskjer å formidle Øklands unike og vidtfemnande kunnskapar om dei kulturhistorisk verdifulle objekta.

Samlaren ØklandDen digitale samlinga som vert presentert her er berre eit lite utval av dei spesielle og omfattande samlingane. Hovedtyngda av materialet er produsert i perioden 1860-1940. Ein stor del av objekta er ikkje er registrert nokon plass tidlegare, anten fordi det reint fysisk er for smått, dels fordi det er produsert for born, eller fordi det er snakk om masseproduserte trykksaker som i lang tid har vore nedvurderte eller neglisjerte og har falle utanfor dei kategoriane som elles blir omfatta av kulturvern.

Materiale som er digitalisert omfatter bokmerke, brevmerke, ekslibris, festtelegram, glansbilde, illustrerte notetrykk, norvegiana, pakkelappar, samlekort og utklippsbøker.

Me håpar den digitale samlinga kan vere interessant for samlarar og kunsthistorikarar, og at den kan tene som eit skattkammer til inspirasjon for illustratører og teiknarar. Men me trur også at folk flest, og spesielt dei som har eit nostalgisk forhold til objekta vil finne samlinga interessant. Bevarings- og dokumentasjonsverdien er høg sidan det dreier seg om forgjengelege trykksaker som har fascinert mange, både unge og gamle, lek og lærd, men som hittil berre spesielt interesserte har samla.

Me har valgt fototenesta Flickr som framvisningsstad for sjølve illustrasjonane. Flickr har ein stor brukarbase og gode funksjonar for tagging, organisering og kommentering av objekta. Ved å bruke Flickr sørger me for at illustrasjonane kjem ut der folk ferdast på nett og at nettbrukarane finn dei via dei store søkemotorane.

Prosjektet er eit digitaliserings- og formidlingsprosjekt, men det som gjer det til eit spanande pilotprosjekt er først og fremst freistnaden på å formidle Øklands vidtfemnande personlege kunnskapar om objekta og bruken av dei. I prosjektet har me freista å få fram Øklands stemme og kommentarar gjennom intervju, sitat og spesiallagde e-bøker med lydspor (utilgjengelig) og videoalbum med Øklands kommentarer.

Det viktigaste formidlingselementet er tekstar med illustrasjonar som tek for seg kategoriane i tre delar; - historien til kategorien, kategorien som samleobjekt, og intervju med Økland om kategorien. Tekstane er skrivne av journalist og dotter Siri Økland og gjev prosjektet ein formidlingsmessig kvalitet me er stolte av å kunne presentere. Siri Økland har og skrive eit essay om samlaren Økland som forord til den digitale samlinga.

Einar Økland har ikkje skaffa seg trykksakene for å byggje opp komplette samlingar, men for å studere desse marginaliserte kunstuttrykka og få kunnskap om teiknarar, illustratørar og kunstnarar. Samlinga inngår som ein del av eit større personleg bibliotek av referanselitteratur, tidsskrift og magasin som vedkjem same feltet. 

Einar Økland har skrive fleire bøker om trykksaker og bokkunst og me håper at denne digitale samlinga på bergenbibliotek.no kan vere med å utfylle materiale som finst om tema og at tilbakemeldinger me får gjennom nettsida og flickr kan føre endå meir kunnskap til feltet. Eit naturleg framhald på prosjektet vil vere å digitalisere fleire kategorier og fleire objekt, men også å prøve ut nye formidlingsflatar.

Biblioteket ynskjer å takke Einar Økland som har stilt samlingane og kunnskapen sin villig til disposisjon når me har bede om det. Biblioteket ynskjer også å takke Fritt Ord og Kulturrådet for økonomisk støtte til prosjektet.

Lenke: Om opphavsrett for materiale i "Øklands trykksaker"