Hopp til hovedinnhold

Kvenfolkets dag 16. mars

Kvart år, den 16. mars, vert Kvenfolket sin dag feira over heile landet. Dagen markerer den første organiseringa av kvenane og etablering av det første lokallaget i Børselv i 1984.

Bilde frå Nasjonalbiblioteket: Melking av reinsdyr / milking reindeer.

Det kvenske folket er eitt av dei opprinnelege folkeslaga på nordkalotten. Det bur kvenar over heile landet, men dei opprinnelege områda for busetting var i Finnmark, Troms og nordlege delar av Nordland. 

Det kvenske språket har felles opphav med finsk og samisk, og kvensk vart anerkjend som regions- og minoritetsspråk i Noreg i 2005. Kvensk er eit av dei mest trua språka i Europa. Det er truleg mellom 2.000 - 10.000 kvenske språkbrukarar i Noreg i dag. 

Materiale til heimlån
Biblioteket har materiale til heimlån som på ulikt vis fortel om kvensk kultur og historie. Sjå søketreff på "Kvensk" i bibliotekets samling.

Kommunen heisar Kvenflagget
I Bergen kommune vil ein heidre Kvenfolket sin dag ved å heise Kvenflagget, og samstundes auke forståinga av kvensk kultur, språk og identitet.

Kjelder:
Norske kveners forbund

Nrk.no